Fisket etter leppefisk for fritidsfiskarar
Her finn du informasjon om fisket etter leppefisk for fritidsfiskarar.
Innhold
Søknad og melding
Send epost til postmottak@fiskeridir.no
Om fisket etter leppefisk
Reguleringa frå fiske etter leppefisk er gradvis justert i takt med auka kunnskap om bestandane og påverknad frå fiskeria. Leppefisk blir brukt som rensefisk i oppdrett, og Fiskeridirektoratet legg vekt på at leppefisk må regulerast i eit langsiktig perspektiv.
Fiske etter leppefisk føregår i tre geografiske område: Sørlandet, Vestlandet og nord for 62°N. Det er i all hovudsak artane bergnebb og grøngylt som blir fiska.
Med auka minstemål og innføring av maksimalmål for berggylt er fiske etter leppefisk vurdert som eit berekraftig fiske. Totaluttak og beskattingsmønster følgjer tilrådingane frå Havforskingsinstituttet.
| Art | Størrelse |
|---|---|
| Grøngylt | Minstemål 12 cm |
| Berggylt | Minstemål 22 cm Maksimalmål 28 cm |
| Annan leppefisk | Minstemål 11 cm |
Krav til fisket etter leppefisk som fritidsfiskar
Den som skal fiske leppefisk med båtar som ikkje er merkeregistrerte, må ha særskilt løyve frå Fiskeridirektoratet før fartøyet startar opp med å fiske etter leppefisk.
For å få slikt løyve må fiskaren ha leveringsavtale med godkjent kjøpar, og båten må vere registrert i Småbåtregisteret hos Redningsselskapet eller i Skipsregistra.
Kopi av leveringsavtalen må leggjast ved søknaden om løyve. Dersom båten er registrert i Småbåtregisteret, må fiskaren også leggje ved dokumentasjon på betalt årsavgift i Småbåtregisteret.
Frist for fangstlevering: Fartøy som deltar i ope gruppe, fritidsfiske eller fiske under ungdomsfiskeordninga må ha tømt alle innrettingar for mellomlagring av leppefisk, og levert leppefisken til kjøpar innan 72 timer frå ein stopp i fisket.
Dersom Fiskeridirektøren stoppar fisket i ope gruppe, vil det samtidig bli stopp i fritidsfiske etter leppefisk.
Krav til posisjonsrapportering
Her har vi samla ein del sentrale spørsmål om kravet til AIS i fisket etter leppefisk.
Kvar finn eg regelen som stiller krav til AIS?
Regel med tilhøyrande vilkår er fastsett i Forskrift om regulering av fisket etter leppefisk i 2026.
Kan eg søkje om unntak fordi fartøyet mitt ikkje er eigna til å ha AIS?
Nei, alle ikkje-merkeregistrerte fartøy som driv med omsetjing av leppefisk skal vere utstyrte med ein fungerande AIS klasse B eller typegodkjent klasse A.
Dersom du har VMS, treng du ikkje AIS.
Kan eg slå av AIS/VMS når eg ikkje fiskar?
Nei, AIS skal vere påslått heile leppefisksesongen, frå du startar fisket og til fisket blir avslutta 20. oktober. For fritidsfiskarar med løyve til å fiske til og med 30. september kan AIS slåast av på denne datoen.
Viss fartøyet har VMS, les meir på sida: posisjonsrapportering (VMS).
Fartøyet mitt har ikkje straumkjelde til AIS?
Du som fiskar er ansvarleg for at fartøyet er eigna og utrusta for å oppfylle dei krava som følgjer av regelverket, mellom anna rapporteringskravet.
Må fritidsfiskarar ha AIS?
Ja, fritidsfiskarar som driv med omsetnad av leppefisk må ha ein fungerande AIS.
I paragraf 13 i forskrift om fisket etter leppefisk (lovdata.no) er det opna for at det kan brukast posisjonsrapporteringsutstyr (VMS) i staden for AIS.
Fritidsfiskefartøy som skal installere VMS må ha eit kjenningssignal frå Sjøfartsdirektoratet.
Kva type AIS bør eg kjøpe?
Fiskeridirektoratet tek ikkje stilling til enkeltprodukt eller gir tilrådingar om kva løysingar fiskarar bør kjøpe.
Alle produkt som oppfyller vilkåra i rapporteringskravet vil vere godkjende til bruk i fisket etter leppefisk.
Korleis veit eg at AIS sender rett informasjon?
Dersom du er usikker på korleis AIS skal programmerast, rår vi til at du tek kontakt med seljar eller leverandør. For å undersøkje om AIS fungerer, eller sender informasjon på rett måte, kan du kontakte seljar eller leverandør, og/eller sjå etter fartøyet i tilgjengelege kartløysningar, til dømes på FiskInfo (barentswatch.no).
Ver merksam på at BarentsWatch open del, som omfattar FiskInfo, berre gjer tilgjengeleg AIS-data når det gjeld fiskefartøy og fritidsbåtar som er høvesvis over 15 meter og 45 meter.
Det betyr at du ikkje kan bruke FiskInfo til å sjå om AIS fungerer for målgruppa. Du kan likevel bruke kommersielle informasjonstilbydarar av AIS-data for å sjekke at AIS om bord verkar, t.d. MarineTraffic, men desse brukar andre basestasjonar enn dei som inspektørar i Fiskeridirektoratet i praksis vil forhalde seg til gjennom BarentsWatch-tenesta (tenester som MarineTraffic kan difor gi ein peikepinn, men er ikkje noko optimalt eller heilt uproblematisk kvalitetsmål).
Kan eg bruke VMS i staden for AIS?
Ja, i paragraf 13 i forskrift om fisket etter leppefisk er det opna for at det kan brukast posisjonsrapporteringsutstyr (VMS) i staden for AIS.
Fritidsfartøy som skal installere VMS må ha eit kjenningssignal frå Sjøfartsdirektoratet.
Teiner og ruser
Det er forbode for fritidsfiskarar å fiske leppefisk med ruser.
Du kan bruke inntil 20 teiner per person og per fartøy. Det betyr at dersom fleire personar fiskar frå same båt, eller dersom éin person fiskar med fleire båtar, kan du uansett ikkje bruke meir enn 20 teiner.
Merk: fiskar du med teiner i Oslofjorden frå og med 1. oktober 2025 gjeld det nye reglar. Les på vår side om Oslofjorden: tiltak for fritidsfiskarar.
Teiner som er sette i sjøen frå land, eller frå fartøy som ikkje er merkeregistrerte, skal merkast tydeleg med eigars namn og adresse. I tillegg til merking av sjølve reiskapen skal alle vak vere merka på tilsvarande måte.
For teiner som er sette ut til fangst av leppefisk er det påbode med fluktopning, inngangssperre og rømningshol. Krava til utforming av reiskap er lik for fritids- og yrkesfiskarar.
Teiner som vert nytta til fiske etter leppefisk skal røktast dagleg. Bestemminga gjeld ikkje søndagar og helgedagar.
Reiskapsavgrensingar i fredingsområda for hummar
I nokre av hummarreservata er det avgrensa tilgang til bruk av reiskap som også gjeld for fiske etter leppefisk. Presiseringar om kva for reiskap som er tillatne kor finn du på sida om fredingsområde for hummar
Sal av fangst
All omsetjing av fisk og skaldyr skal skje gjennom eit salslag eller ein godkjent kjøpar. Fritidsfiskarar kan maksimalt omsetje for 50 000 kroner per år.