Freda og delvis freda artar

Nokre artar er totalfreda, mens andre artar er delvis freda. Her finn du oversikt over dei ulike artane.

Totalfreda artar

Brugde, pigghå, håbrann og silkehai

Blålange

Hummar med utvendig rogn

Kysttorsk i sør

Vanlig ål

Forskrift om fangst av ål (lovdata.no)

Det er den vanlege ålen (Anguilla anguilla) som er freda. Den såkalla havålen (Conger conger) er ikkje freda. Dei to artane kan skiljast frå kvarandre slik:

Vanleg ål (Anguilla anguilla)Havål (Conger conger)
Hoa blir opptil 1,5 meter. Hannen sjeldan lenger enn 0,5 meter.Dei største blir opptil 3 meter. Hoa er som regel 1,5-2 meter. Hannen ikkje meir enn 1 meter.
Svakt underbitt.Markert overbitt.
Ryggfinnen startar et stykke bak brystfinnane. Ryggfinnen starter like bak brystfinnane.

 

Delvis freda artar

Blåkveite

Nord for 62°N er det forbode å fiske blåkveite med garn frå og med 1. september til og med 30. april.

Breiflabb

Nord for 64°N er det ikkje tillate å fiske breiflabb med garn frå og med 20. desember til og med 20. mai. 

Mellom 62°N og 64°N gjeld forbodet frå og med 1. mars til og med 20. mai.

Hummar

Frå svenskegrensa til og med Vestland fylke er hummaren freda frå og med 1. desember til 1. oktober kl.08.00 

Frå Vestland til og med Troms og Finnmark fylke er hummaren freda frå og med 1. januar til 1. oktober kl.08.00

Det er ikkje tillate å oppbevare hummar i sjøen frå 1. januar til 1. oktober.

Les meir om fangst av hummar.

Kveite

Det er ikkje lov å fiske kveite frå og med 20. desember til og med 20. april. Forbodet gjeld i heile Noreg og for alle reiskap.

Les meir om utkastpåbod for stor kveite.

Leppefisk

Det er forbode for fritidsfiskarar å fiske leppefisk med ruse. 

Fritidsfiskarar med leveringsavtale for sal av leppefisk kan søkje om tilgang til å fiske leppefisk med teiner. 

Les meir om leppefiske for fritidsfiskarar.

Makrellstørje

Det er forbode å fiske makrellstørje utan særskild løyve frå Fiskeridirektoratet.

Les meir om fiske etter makrellstørje.

Rognkjeks

I Nordland, Troms og Finnmark er rognkjeks freda heile året.

Torsk

I Oslofjorden, frå Telemark til grensa mot Sverige innanfor grunnlinja, er det forbode å fiske torsk heile året. Her er det også forbode å fiske med botnsette garn.

Innafor 14 definerte gyteområder frå Lindesnes langs Skagerrakkysten, i Oslofjorden og til grensa mot Sverige er det forbod mot alt fiske i gyteperioden for torsk frå og med 1. januar til og med 30. april. Undervassjakt i gytefelta er tillatt sidan dette er heilt selektivt.

Kartet under viser kva område som er stengde for torskefiske heile året (mørkare blå), og kva område som er stengde for alt fiske frå januar til april (rosa). Kartlaga ligg oppå kvarandre, så fargane på fredingsområda kan sjå annleis ut inst i Oslofjorden enn på kysten av Sørlandet.

Uer

Nord for 62°N er det forbode å fiske uer, med unntak av fiske med jukse frå og med 1. juni til og med 31. august.