Utkastpåbod for kveite over 2 meter

På grunn av høgt innhald av potensielt farlege framandstoff er det påbode å sleppe all kveite over 2 meter tilbake i sjøen. I tillegg til det generelle forbodet som gjeld heile norsk økonomisk sone er det innført eit forbod mot alt fiske etter kveite i eit område på Sklinnabanken utanfor Helgelandskysten.

Det generelle påbodet på 2 meter gjeld alle fiskarar (yrkesfiskarar, fritidsfiskarar og turistfiskarar) uavhengig av reiskap og område.

Påbodet gjeld all levedyktig, daud eller døyande kveite over to meter. Er kveita skadd eller døyande, skal den avlivast før du slepp den ut i sjøen.

Det er eit kjent problem at gammal kveite gjennom heile livet samlar opp framandstoff som kan utgjere ein risiko for oss menneske.

I eit avgrensa område på Sklinnabanken er det forbode å fiske etter kveite (det vil seie at ein kan fiske i området når målarten er noko anna enn kveite).

Forskingsprosjekt

På oppdrag frå Mattilsynet, gjennomførte Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforskning (NIFES) eit prosjekt på Atlantisk kveite i perioden 2013 til 2015.

Kveitene i undersøkinga er i hovudsak samla inn frå havområda frå Møre til Nordkapp (Norskehavet), der det meste av fisket etter Atlantisk kveite går føre seg. Det blei også fiska nokre kveiter i eit område nordaust for Nordkapp og ved Bjørnøya.

Undersøkinga viser store variasjonar av miljøgifter i kveitene. Grovt sett aukar mengda av miljøgiftene frå nord (Barentshavet) mot sør (Norskehavet), og vidare til Nordsjøen og Skagerrak. Like viktig er det at innhaldet av miljøgiftene er aukande med størrelse og alder på individa.

Mattilsynet har i si vurdering av resultata konkludert med følgjande om Atlantisk kveite:

  • Atlantiske kveiter som er mindre enn 2 m (ca.100 kg), har stort sett gode resultat for både tungmetall og organiske miljøgifter. Dei er trygge å ete.
  • Atlantiske kveiter over 2m (ca.100 kg) har eit høgt innhald av miljøgifter, også over grenseverdiane for ein eller fleire komponentar. Særleg gjeld dette dei organiske miljøgifter. Dei bør derfor ikkje etast. Slike store kveiter må sleppast ut i sjøen igjen. Om kveita er tydeleg skadd, må den avlivast før den vert sloppen. Den kan heller ikkje seljast.