Samiske fiskeriinteresser i arealplanar
Fiskeridirektoratet skal ta vare på samiske fiskeriinteresser, altså tradisjonell fangst og fiske etter viltlevande marine ressursar.
Kartlegging
Fiskeridirektoratet har ikkje gjennomført eigne kartleggingar av samiske fiskeriinteresser. Utøvinga av dette fisket føregår oftast i dei same områda som anna fiskeri, og inngår dermed i kartlegginga av kystnære fiskeridata.
Når vi vurderer samiske fiskeriinteresser i arealplansaker, nyttar vi også andre kjelder for å få informasjon om område der det føregår samisk fiskeri. I Fiskeridirektoratets kartverkty Yggdrasil er det to administrative kartlag som kan indikere at eit geografisk område er viktig for samiske interesser:
- Område omfatta av Sametinget si tilskotsordning for støtte til samisk næringsutvikling (STN-område)
- Område omfatta av deltakarlova § 21: Som følgje av kystfiskeutvalet sitt arbeid for å ivareta sjøsamiske fiskeriinteresser vart det i deltakarlova inkludert rettar til fiske i Finnmark og Nord-Troms og enkelte område i Sør-Troms og Nordland.
Kart over samiske fiskeriinteresser
Merknad ved kartlegging
Sjølv om det ikkje er kartlagt fiskeriinteresser i eit område, betyr ikkje det at det ikkje føregår fiske i området. Dette gjeld særleg fritids-, sports- og rekreasjonsfiske, inkludert fiske til eige bruk. I kystnære område vert det fiska der fisken befinn seg. Område som er viktige for ikkje-kommersielt fiske vil ofte vere overlappande med områda der dei mindre fiskefartya fiskar, og slik vere inkludert i vurderingane vi gjer av fiskeriinteressene.