Forsking i arealplanar

God forvaltning av marine ressursar og marint miljø krev eit godt kunnskapsgrunnlag. Sjøområda er viktige for forskingsaktivitet. Strandnotstasjonane langs Skagerrakkysten utmerkar seg i denne samanhengen.

Havforskingsinstituttet gjennomfører årleg innsamling av fisk og andre dyr i grunnvassområda langs den norske Skagerrakkysten. Meir enn 130 faste stasjonar vert undersøkte på strekninga frå Søgne vest for Kristiansand til svenskegrensa.

Strandnotundersøkingane har blitt gjennomført årleg sidan 1919, og er ein av dei lengste marine tidsseriane i verda. Data frå undersøkingane er av internasjonal betydning for vitskapen om det marine miljøet og dei marine ressursane.

Strandnotundersøkingane er avhengig av at det i området ligg til rette for gjennomføring av notkast og -trekk. Stasjonane er avmerka som punkt i kart i Yggdrasil. For å gjennomføre undersøkingane, er Havforskingsinstituttet avhengig av at det i ei sone på 50 meter i radius rundt punktet ikkje er tiltak som kan hindre notkast og trekk. Døme på tiltak som må unngåast er moringar, bøyer, brygger, leidningar og utfyllingar. I ei sone som går ytterlegare 50 meter ut, er det viktig å unngå tiltak som kan forstyrre undersøkingane.

For at strandnotundersøkingane skal kunne vidareførast på ein konsistent og nøyaktig måte kvart år, er det viktig at heile stasjonsnettet vert oppretthalde.

Kart over strandnotstasjonar

 

I arealplanlegginga har Fiskeridirektoratet eit særleg ansvar for å sikre omsynet til areal som er av nasjonal eller vesentleg regional betydning for fiskeriinteressene, jamfør plan- og bygningslova § 5-4 og rundskriv H-2/14.

Strandnotstasjonane er i utgangspunktet av nasjonal betydning. Andre område som er viktige for forsking på marine ressursar og marint miljø, kan også, etter ei konkret vurdering, vere av nasjonal eller vesentleg regional betydning.

Fiskeridirektoratet rår til at strandnotstasjonane vert sikra i arealplanlegginga. I plankartet bør arealet rundt stasjonane setjast av til underføremålet «fiske». Fiskeføremålet bør dekke ein radius på 100 meter rundt dei kartfesta punkta i Yggdrasil.