Hundrevis av oppdrettstorsk gjekk ut gjennom to små hol i nota

Gjennom relativt små hol, på berre nokre få sundslitne masker, kan oppdrettar risikere at det rømmer hundrevis av oppdrettstorsk.

Ei slik hending er dokumentert i ein studie frå 2005 (Aas og Midling (2005), Torsk som rømmer – en atferdsstudie i merd, Fiskeriforskning). Sjølv om mykje har endra seg i næringa sidan den gongen, får denne observasjonen ny aktualitet i dag, to tiår seinare, når vi no er inne i ein ny periode med aukande interesse for torskeoppdrett - og framleis har mykje av dei same utfordringane knytt rømming gjennom hol i nøtene.

Fiskeriforskning gjorde rømmingsforsøk i felt, på eit kommersielt stålanlegg. På det aktuelle anlegget brukte oppdrettar to notposar i kvar merd, såkalla dobbelnot, for å lage ein ekstra barriere mot rømming (figur 1). Dette var ein strategi dei hadde valt basert på tidlegare erfaring med at torsk rømmer. Bruk av dobbelnot hadde altså ikkje samanheng med forsøksoppsettet, men det var nettopp denne dobbelnota som skulle vise seg å resultere i ein svært interessant observasjon.

Figur 1: Skisse som viser ein merd med dobbel notpose på det aktuelle stålanlegget. Figuren viser også forsøksoppsettet med ein liten merd inne i den store merden. Kjelde: Aas og Midling (2005), Torsk som rømmer - en atferdsstudie i merd, Fiskeriforskning.

Kva skjedde?

Før dei starta forsøket oppdaga forskarane at ein del oppdrettstorsk hadde forsøkt å rømme og var fanga i mellomrommet mellom indre og ytre notpose i dobbelnota. Det viste seg at det var to små hol i den indre notposen og at det hadde gått ut 200-300 fisk gjennom hola og ut i rommet mellom dei to notposane. I teorien kan fisken ha fortsett å vekse som normalt medan han var fanga i dette mellomrommet, gjennom tilgang på fôrpellets i periodar med overfôring. Det er derfor usikkert kva

vekt fisken hadde då han gjekk igjennom hola og vart fanga i dobbelnota. Då nesten-rømminga vart oppdaga hadde fisken ei gjennomsnittsvekt på om lag 1,1 kg.

Figur 2: Figuren viser dei to hola som vart funne i den aktuelle nota. Til venstre: Hol på 2 x 2 masker. Til høgre: Hol på 3 x 5 masker. Det hadde gått ut 200-300 fisk gjennom desse hola og ut i rommet mellom dei to notposanesom utgjorde dobbelnota til merden. Kjelde: Aas og Midling (2005), Torsk som rømmer - en atferdsstudie i merd, Fiskeriforskning

Læring

Sidan vi verken kjenner vekta til fisken på rømmingstidspunktet eller spesifikasjonane for notmaskene, blir den viktigaste observasjonen å ta med seg for oss, i dag, at sjølv gjennom relativt små hol kan oppdrettar risikere at det rømmer hundrevis av oppdrettstorsk.

Ein annan observasjon, frå sjølve forsøket, handlar om korleis oppdrettstorsk responderer på hol i notposen: "Våre observasjoner viser at torsk ”bestemmer” seg for å svømme gjennom hullet i notveggen flere meter unna hullet. Når den da rømmer skjer dette ved å svømme direkte gjennom hullet, uten nøling. Vi mener derfor å ha vist at torsk rømmer som følge av en målrettet handling, basert på at fisken ser åpningen."

Same type åtferd var funne i ein studie gjort nokre år seinare, der resultata tilsa at torsk kan oppdage hol i nota på fleire meters avstand og rømme kort tid etter holet har oppstått (Hansen m.fl. (2009), Escape-related behaviour of Atlantic cod, Gadus morhua L., in a simulated farm situation. Aquaculture research). I ein rapport av nyare dato, er det vurdert som sannsynleg at oppdrettstorsken har endra åtferd etter fleire generasjonar med avl (Henriksen m.fl. (2018), Kunnskaps- og erfaringsgrunnlag for torskeoppdrett. Nofima, rapport 23/2018). Forfattarane av rapporten underbygger dette med å vise til erfaringar med at fisken no i større grad stimar rundt i ring, slik som oppdrettslaksen, og er mindre oppteken av notlinet. Havforskingsinstituttet seier at dette kan vere tilfelle, men viser samtidig til at eventuelle åtferdsendringar som følgje av avl ikkje er dokumentert: "Det kan tenkes at oppdrettstorsk etter flere generasjoner med domestisering vil kunne ha redusert tendens til aktivt å rømme, men så langt er ikke dette dokumentert." (Risikorapport norsk fiskeoppdrett 2022, Havforskingsinstituttet)

Notkontroll i staden for dobbelnot

I dette tilfellet var det brukt dobbelnot. Det er ikkje vanleg praksis lenger. Torskeoppdrettane i dag har dermed gjort seg meir avhengig av notkontroll for å unngå rømmig, samanlikna med kva tilfellet var tidlegare då det var meir vanleg med dobbelnot.

Det har lenge vore krav til å kontrollere nøtene regelmessig, så lenge det er fisk i anlegget, og i tillegg skal dei kontrollerast før bruk i samband med utsett av fisk og ved notskift (jf. akvakulturdriftsforskrifta § 37 fjerde ledd).

Krav til risikobasert notkontroll

NYTEK23 seier at brukarhandboka til notposen skal innehalde krav til ettersyn, noko som normalt vil inkludere informasjon om minstekrav til frekvens mellom notkontrollar (jf. § 16 første ledd bokstav f).

Fiskeridirektoratet presiserer at oppdrettar sjølv må kartlegge aktuelle risikofaktorar og vurdere kva som vil vere forsvarleg frekvens for notkontroll på kvar enkelt lokalitet. Oppdrettar kan altså ikkje berre stø seg til det generelle minstekravet i brukarhandboka, men må sjølv gjere ei risikobasert og lokalspesifikk vurdering for å finne kva frekvensar for notkontroll som er eigna til å førebygge og avgrense rømming.

Plikta til å kontrollere nøtene må sjåast i samanheng med kravet om at drifta skal vere teknisk, biologisk og miljømessig forsvarleg og at det skal visast særleg aktsemd for å hindre at fisk rømmer (jf. akvakulturdriftsforskrifta §§ 5 første ledd og 37 første ledd). Oppdrettaren skal på det grunnlaget gjennomføre risikovurderingar og setje i verk nødvendige tiltak med sikte på å minimalisere risikoen for rømming (jf. akvakulturdriftsforskrifta § 37 første og andre ledd og forskrift om IK-Akvakultur).

Rutinar for å vurdere kontrollrutinane

Fiskeridirektoratet forventar at skadar som blir oppdaga under notkontrollane, er med i løpande vurderingar av om kontrollrutinane er eigna til å førebygge og avgrense rømming. For å kunne førebygge rømming, må kontrollregimet vere tilpassa til å oppdage skadar og slitasje før det oppstår hol som er store nok til at fisken kan rømme. Sjå meir informasjon i erfaringsarket "torskerømmingshola vart ikkje melde inn".

 

Oppdatert: 19.03.2024