Driftsplanar 2021-2022

Alle som driv akvakulturverksemd i Noreg skal sende inn separate driftsplanar og få desse godkjende før drifta kan starte eller vidareførast. Planane skal sendast inn og godkjennast kvart år.

Driftsplansøknad og veiledning til å søkje

Minimumskravet til utfylling av driftsplansøknaden:

  1. Det skal sendast inn separate driftsplansøknader for kvart selskap (organisasjons nr.). Unntak er på lokaliteter der det er godkjent samdrift, der det skal sendast inn felles driftsplan.
  2. Det må kome fram av driftsplanen kva for løyver som vert drifta på den enkelte lokalitet. Det enkelte løyve må veljast separat og må vere rett.
  3. Når det gjeld søknad om drift av stamfiskløyver skal det  sendast inn separat søknad for kvart organisasjons nr. som innehar stamfiskløyver.
  4. For andre løyver til særlige formål må antal fisk som er planlagt sett ut på kvart løyve framkome av søknaden.
  5. Alle godkjende lokalitetar for kvart organisasjons nr. må vere med i søknaden, også der det ikkje er planlagt drift i driftsplanperioden.
  6. Alle månadene i planen må vere utfylt med data. Planar med tomme månader vil verte sendt i retur. Periodar der det ikkje er drift på lokaliteten skal førast i skjemaet som brakklagt.
  7. Tidspunkt for utsett, utslakt og tidsrom for brakklegging på lokaliteten må vere rett.
  8. Art og talet på fisk som vert sett ut må vere rett.
  9. Søknad om utsett og eventuell flytting av fisk til andre lokaliteter må markerast og skal berre gjelde løyve der ein sjølv er innehavar og ikkje dei ein samlokaliserer med. Det må sendast inn separate søknader for kvart selskap dette gjeld for.
  10. Tidspunkt for planlagde B - og C – granskingar må leggjast inn i planen i tråd med frekvensar i NS9410:2016, Miljøovervåking av bunnpåvirkning fra marine akvakulturanlegg.

Rensefisk

Frå 2019 skulle bruk og oppbevaring av rensefisk inn i driftsplanane.

For Fiskeridirektoratet og Mattilsynet er det viktig å vite om det er planlagt bruk av rensefisk på ein lokalitet i driftsperioden, og om det står rensefisk der i brakkleggingsperioden.