Vi bruker informasjonskapsler

Vi bruker informasjonskapsler på fiskeridir.no for å forstå hvordan besøkende bruker nettsiden, slik at vi kan forbedre tjenestene våre. Du kan hele tiden endre samtykket ditt her.

Driftsplansøknad

Akvakulturanlegg i sjøvatn har krav om å ha ein godkjend driftsplan jamfør akvakulturdriftsforskrifta § 40. Kravet gjeld for akvakulturverksemd med matfisk og stamfisk av laks, aure, regnbogeaure og torsk.

Søk om godkjenning av driftsplan

Kven skal bruke skjemaet?

Innehavar av akvakulturløyve for matfisk og stamfisk av laks, aure, regnbogeaure og torsk ved sjølokalitetar.

Frist

Driftsplanen for dei neste to kalenderåra må sendast Fiskeridirektoratet innan 1. oktober kvart år. 

Saksflyt

Driftsplansøknaden, og alle vedlegg knytt til søknaden, skal sendast Fiskeridirektoratet via skjema i Altinn. Dette gjeld også søknad om endring av tidlegare innsendt plan. Vi kan ikkje handsame søknaden før han er komplett og korrekt utfylt. Om det er manglar ved søknaden, vil vi krevje ein ny og korrigert søknad. Først når søknaden er komplett, blir han bli sendt vidare til Mattilsynet.

Rettleiing

Informasjon om driftsplansøknad

Denne kortfatta rettleiaren tek deg igjennom skjemaet steg for steg:

Rettleiar til utfylling av driftsplansøknad

Bruk den til å kvalitetssikre at du sender frå deg eit korrekt utfylt søknadsskjema. Om du er usikker på noko, ta kontakt med vårt næraste regionkontor.

Sjå veildar for korleis fylle ut søknaden

Utskrift av driftsplan

I Fiskeridirektoratet sine interne verktøy er den grafiske framstillinga av driftsplanen meir lesarvennleg enn kvitteringa du får frå Altinn. Du kan få kopi av Fiskeridirektoratets visning av driftsplanen ved å kontakte regionkontoret du tilhøyrer.

Oppdatert: 06.12.2019