Nye råd om minstelengder for leppefisk

Fiskeridirektoratet har utarbeidd ein tabell med tilrådde minstelengder for bergnebb, grøngylt og oppdrettsberggylt.

Tilrådinga er laga for åtte av dei vanlegaste maskeopningane i oppdrettsnøter. Råda reflekterer godt at dette er artar med ulik kroppsfasong og dermed ulik risiko for å rømme gjennom notmaskene ved ei gitt fiskelengd.

Store delar av kunnskapsgrunnlaget for tabellen er å finne i heilt nye og enno upubliserte resultat frå forsøk utført ved Havforskingsinstituttet. Vi vel likevel å gå ut med tilrådinga no sidan fisket etter leppefisk opnar om kort tid. Til hausten vil rognkjeks bli inkludert i tabellen.

Frårår bergnebb-utsett ved maskeopning over 30 mm

I tråd med tidlegare råd frå Havforskingsinstituttet, frårår vi å setje ut bergnebb i nøter med maskeopning større enn 30 mm. Ein viktig, praktisk implikasjon av dette, er at bergnebben må fiskast ut før oppdrettar byter frå smoltnot til storfisknot.

Grøngylter kan brukast i alle nøter

For grøngylter er minstemålet 12 cm. Havforskingsinstituttet har gjort to separate rømmingsforsøk med grøngylter, eitt med liten fisk og eitt med stor fisk. Når vi no har samanstilt resultata og laga ein tabell som dekker alt frå 26 mm til 50 mm maskeopning, ser vi at fisk ned til minstemålet kan brukast i nøter med maskeopning på 26 og 28 mm. Sidan grøngylta blir større enn bergnebben, kan denne arten òg brukast i stormaska nøter. I slike tilfelle er det viktig at grøngylter som er små nok til å kunne rømme gjennom maskene i storfisknota, blir fiska ut før notskiftet.

Oppdrettsberggylter har meir rømmingssikker fasong

Ein av fordelane med oppdrettsberggylt, er at tilrådd fiskelengd i smoltnøter (26 – 30 mm) er mindre enn for både bergnebb og grøngylt. Fasongen på oppdrettsberggylta gjer at det kan setjast ut fisk heilt ned i 11 cm i dei mest finmaska smoltnøtene. Også her gjeld det å fiske ut den minste fisken før eit eventuelt skifte til stormaska not.

Ny kunnskap gir nytt risikobilde

I 2023 publiserte Havforskingsinstituttet ei anbefaling om at bergnebb bør vere minst 12,5 cm ved 26 mm maskeopning og minst 13,5 cm ved 30 mm maskeopning. Etter fleire forsøk, med fleire måleseriar av notlin, viser det seg at reell maskeopning for vått notlin i gjennomsnitt har vore noko større enn det som vart målt på notposane brukt i rømmingsforsøket med bergnebb. Dette fører til at Fiskeridirektoratet no rår til å bruke endå større bergnebb enn det som vart anbefalt i 2023.

Samanlikning med tidlegare praksis

Vi har òg samanlikna den nye tilrådinga med tidlegare anbefalingar utarbeidd av næringa sjølv. Då viser det seg at Fiskeridirektoratets tilråding for minste bergnebb skil seg klart frå dei gamle anbefalingane, medan tilrådd minstelengd for grøngylt og berggylt vil vere meir lik verdien i tabellane næringa har brukt sidan 2011. Merk at dei tidlegare tabellane har nytta maske-nemningane omfar, halvmaske og heilmaske. No er det maskeopningane vi legg til grunn. Ei slik samanlikning kan difor ikkje bli heilt presis.

Blir meir utfordrande å bruke bergnebb

Det vil krevje mykje av rutinane å skulle bruke bergnebb til lusebeiting og samtidig stette krava i regelverket om å førebygge rømming. Dette gjeld både ved utsett og ved skifte til meir grovmaska not. Minstemålet for bergnebb er 11 cm, men i dei mest vanlege smoltnøtene med 28 og 30 mm maskeopning, bør bergnebben helst ha god margin til minstelengda på 13,5 cm som vart anbefalt i 2023. Så stor bergnebb er det derimot ikkje dei store mengdene av, sidan dette er heilt i øvre sjiktet av kor stor bergnebb det er vanleg å få i teinene. Då vil det naturleg nok vere utfordrande å dekke inn behovet for leppefisk med stor bergnebb.

Om minstemål og rømmingsrisiko

Fiskarane har eit anna regelverk å forhalde seg til enn oppdrettarane. Minstemålet for dei ulike leppefisk-artane er fastsett i ei eiga forskrift som regulerer fisket etter leppefisk. Då dette først vart regulert, i 2011, var minstemålet 11 cm for alle artane. Dette vart sett med utgangspunkt i kunnskapen ein då hadde om risiko for leppefisk-rømming gjennom notmasker. Minstemålet for grøngylt og berggylt er seinare endra for å sikre tilstrekkeleg rekruttering i bestandane.

Oppdrettar skal sikre at leppefisken ikkje rømmer frå anlegget. Slike vurderingar skal gjerast på grunnlag av beste tilgjengelege kunsskap. Då er det ikkje nok å legge minstemålet til grunn for vurderingane. Krav til å hindre rømming er fastsett gjennom fleire føresegner i akvakulturdriftsforskrifta, og i denne samanhengen er § 37 særleg relevant.

Publisert: