Har du observert havnespy?

Gjer ditt for å avgrense spreiing av arten og meld frå om du har funne den.

Havnespy (japansk sjøpung) er ein framand art, som har alvorlege konsekvensar for norske havområde.

Havnespy spreier seg med fartøy og/eller fiskereiskap og formeirar seg raskt.

Livet i havet – vårt felles ansvar

Du pliktar å avgrense risikoen for at det spreier seg, viss du er ansvarleg for aktivitet i område med havnespy. Til dømes om du eig ein fritidsbåt som ligg i eit område der det er funne havnespy, eller dersom du skal fiske i eit område med havnespy.

Kva kan du gjere?

  • avgrense trafikk til og frå område med havnespy
  • ver varsam med fiskereiskap som er i kontakt med havbotnen eller andre installasjonar, som til dømes teiner
  • unngå å ankre opp båten i desse områda viss det er mulig
  • rapporter funn

Rapporter funn av havnespy i rapportsystem for artar (artsobservasjoner.no)

Oppdatert: 06.12.2021