Jakt på kystsel

Fylkeskommunen har ansvar for kystseljakt, og ingen kan delta i jakt på kystsel utan løyve frå fylkeskommunen i det området jakta skal føregå.

Det er fylkeskommunen som behandlar søknader om fellingsløyve for sel langs norskekysten, registrerer talet på felte dyr og stoppar jakta når kvotane er berekna tatt.

Ein må også vende seg til den enkelte fylkeskommune for å få vite gjenverande kvote.

Du skal rapportere jakta di til fylkeskommunen - både om du har fått dyr eller ikkje. Du skal også rapportere hvis du ikkje nytta jaktløyvet.

Søknadsskjema og spørsmål vedrørande deltaking i jakt på kystsel, inkludert rapportering av skoten sel, må derfor sendast til den fylkeskommunen der jakta skal gå føre seg.

Fiskerimyndigheitene har det totale forvaltingsansvaret for kystsel og fastset årlege kvotar, jakttider for dei ulike artane og reglar for gjennomføring av jakta.

I det sørlege Noreg vert det jakta mest på steinkobbe og havert. Lenger nord vert det også jakta på ringsel og grønlandssel.

Obligatorisk skyteprøve

Det er krevjande å jakte på kystsel, og for å delta må ein ha avlagt skyteprøve for storviltjegerar. Kravene til skyteprøve følger Miljødirektoratets bestemmelser, 

Jakttider

Havert

For havert kan det i områda sør for Stad gjevast jaktløyve i perioden 1. februar – 30. september og i områda nord for Stad i perioden 2. januar – 15. september.

Steinkobbe

For steinkobbe kan jaktløyve gjevast i perioden 2. januar – 30. april og 1. august – 30. september.

Ringsel og grønlandssel

For ringsel og grønlandssel kan løyve berre gjevast i perioden 2. januar – 30. september.

Kompensasjonsordning frå Havforskningsinstituttet

Ein del dyr har merke festa til baksveivene. Hvis du sender inn desse, utbetaler Havforskingsinstituttet 250,- kroner per merke. Når merka blir sendt saman med kjeven til selen, aukar utbetalinga til 500.- kroner.

Merke og eventuell kjeve skal sendast til Havforskingsinstituttet i Tromsø:

Havforskningsinstituttet
v/ Lotta Lindblom
Postboks 6606 Langnes
9296 Tromsø

Sel som er merka med eit plastmerke i den eine baksveiven er det særleg viktig å få aldersdata frå. I slike tilfelle kan metoden for aldersbestemming bli kontrollert, fordi vi veit den nøyaktige alderen på disse individa (selen blei merka like etter fødsel).

Ved innsending av merker og kjever til Havforkningsinstituttet benyttes dette rapporteringsskjemaet: