Rekrutteringskvote i open gruppe

Skjemaet skal brukast for å søkje om rekrutteringskvote i open gruppe.

Søknadsskjema for rekrutteringskvote (pålogging via ID-porten)

Formål og vilkår

Ordninga har som formål å bidra til at fleire unge kan delta i lukka fiskeri.

Ordninga opner for at seks fiskarar i ope gruppe kan få tildelt ein kvotebonus som gir eit samla kvotegrunnlag på 80 prosent av fartøykvoten i lukka gruppe, i ein periode på inntil fem år. Tildelinga gjeld for fiske etter torsk, hyse og sei nord for 62° N, makrell, sild i Nordsjøen og norsk vårgytende sild. Dersom maksimalkvoten i forskrift om regulering av fisket etter torsk, hyse og sei nord for 62°N §§ 21, 26 eller 27 er større en rekrutteringskvotebonusen, vil maksimalkvoten også gjelde for fartøy som er tildelt rekrutteringskvotebonus. Det vert presisert at maksimalkvoten ikkje kjem i tillegg til den garanterte rekrutteringskvotebonusen, men kjem i staden for denne.

Vilkår for nytildeling:

  • Mannlege søkjarar må vere yngre enn eller fylle 30 år det kalenderår det vert søkt om nytildeling av rekrutteringskvotebonus. Kvinnelege fiskarar må vere yngre enn eller fylle 40 år det kalenderåret det vert søkt om nytildeling av rekrutteringskvotebonus.
  • Søkjar må vere registrert på blad B i fiskarmanntalet.
  • Søkjar må ha dreve fiske med eit fartøy som vedkomande direkte eller indirekte har eigd meir enn 50% av i minst 24 månader i løpet av dei tre siste kalenderåra før det året det vert søkt om nytildeling. Fangstverdien i minst eitt av åra må overstige 250 000 kroner.
  • Søkjar må vere majoritetseigar i eit merkeregistrert fartøy med adgang til å delta i ope gruppe i eitt eller fleire av fiskeria det vert tildelt rekrutteringskvotebonus i.
  • Søkjar kan ikkje tidligare ha vore majoritetseigar i eit fartøy med adgang til å delta i lukka gruppe i nokre av fiskeria som rekrutteringskvotebonusen gjeld for.
  • Søkjar må kunne leggje fram dokumentasjon på å ha gjennomført gyldig sikkerheitskurs, herunder SOFF eller grunnleggande sikkerheitskurs/IMO 60 og eventuelle repetisjonskurs.
  • Søknad må vere sendt seinest 31. desember 2022.

Med majoritetseigar reknast den som eig over 50 % av andelane i fartøyet.

Dokumentasjon på gjennomført sikkerheitskurs kan lastast opp som vedlegg til elektronisk søknadsskjema.

Kven behandler søknaden?

Fiskeridirektoratet føretek loddtrekning for å velje ut fiskarane som får tildelt rekrutteringskvote.