J-4-2011: (Utgått) Forskrift om endring av forskrift 18. desember 2008 nr. 1436 om manntal for fiskarar og fangstmenn

Erstatter: J-155-2010

Erstattet av: J-122-2012

Endringer: Se utgåtte meldinger

Gyldig fra: 18.12.2010

Forskrift om endring av forskrift 18. desember 2008 nr. 1436 om manntal for fiskarar og fangstmenn

Innholdsfortegnelse:

    Fastsett av Fiskeri- og kystdepartementet 17. desember 2010 med heimel i lov 28. juni 1957 nr. 12 om pensjonstrygd for fiskere § 4.

    I

    I forskrift 18. desember 2008 nr. 1436 om manntal for fiskarar og fangstmenn vert det gjort følgjande endringar:

    § 1 (endra) skal lyde:

    § 1. Formål

    Formålet med forskrifta er å regulere manntalet for fiskarar og fangstmenn (fiskarmanntalet) slik at det er eit påliteleg register for offentlege etatar over personar som er busette i Noreg og som har fiske eller fangst i havet som leveveg åleine eller saman med anna næring eller anna arbeid.

    § 3 nr. 5 sjette punktum (ny) skal lyde:

    Pensjonsinntekt skal reknast med med mindre det dreier seg om fiskarpensjon eller om alderspensjon for personar under 75 år som har vore registrert i manntalet samanhengande i minst eitt av dei siste 10 åra.

    § 3 nr. 6 (endra) skal lyde:

    Vedkomande tek ikkje imot ugradert alderspensjon med mindre vedkomande er under 75 år og har vore registrert i manntalet samanhengande i minst eitt av dei siste 10 åra, og vedkomande tek ikkje imot uførepensjon etter ein uføregrad på 100 %.

    § 5 nr. 5 sjette punktum (ny) skal lyde:

    Pensjonsinntekt skal reknast med med mindre det dreier seg om fiskarpensjon eller om alderspensjon for personar under 75 år som har vore registrert på blad B samanhengande i minst eitt av dei siste 10 åra.

    § 5 nr. 7 (endra) skal lyde:

    Vedkomande tek ikkje imot ugradert alderspensjon med mindre vedkomande er under 75 år og har vore registrert på blad B samanhengande i minst eitt av dei siste 10 åra, og vedkomande tek ikkje imot uføretrygd etter ein uføregrad høgre enn 60 %.

    § 11 første ledd andre punktum (endra) skal lyde:

    Dersom årsaka er at personen ikkje lenger fyller vilkåra i § 3 nr. 5 sjette punktum, § 3 nr. 6, § 5 nr. 5 sjette punktum eller § 5 nr. 7, kan vedkomande likevel bli ståande i manntalet ut kalenderåret.

    II

    Denne forskrifta trer i kraft 1. januar 2011.

    Forskriften lyder etter dette:

    Forskrift om manntal for fiskarar og fangstmenn

    Fastsett av Fiskeri- og kystdepartementet 18. desember 2008 med heimel i lov av 28. juni 1957 nr. 12 om pensjonstrygd for fiskere § 4.

    § 1. Formål.

    Formålet med forskrifta er å regulere manntalet for fiskarar og fangstmenn (fiskarmanntalet) slik at det er eit påliteleg register for offentlege etatar over personar som er busette i Noreg og som har fiske eller fangst i havet som leveveg åleine eller saman med anna næring eller anna arbeid.

    § 2. Organisering av fiskarmanntalet.

    Fiskarmanntalet er organisert i to blad, A og B. På blad A vert personar som har fiske eller fangst som binæring registrerte. På blad B vert personar som har fiske eller fangst som hovudnæring registrerte.

    § 3. Vilkår for å stå på blad A i manntalet.

    Ein person har rett til å stå på blad A dersom følgjande vilkår er oppfylte:
    1. Vedkomande har fylt 15 år.
    2. Vedkomande er busett i Noreg.
    3. Vedkomande arbeider om bord på fartøy innført i registeret over merkepliktige norske fiskefartøy. I heilt spesielle tilfelle kan det gjerast unntak frå kravet om innføring i registeret.
    4. Vedkomande har på årsbasis ei brutto inntekt frå fiske eller fangst i havet av fisk, krepsdyr, blautdyr eller småkval som svarer til minst ¾ av beløpet i lov 19. juni 2009 nr. 58 om merverdiavgift § 2-1 første ledd første punktum. Inntekt frå hausting av anadrome laksefiskar skal likevel ikkje reknast med. Brutto inntekt frå fiske eller fangst svarer til brutto lottinntekt til skattlegging for lottmottakarar, og 2/3 av brutto omsetning fråtrekt eventuelle salskostnader for einefiskarar.
    5. Vedkomande er ikkje sysselsett i full verksemd i anna yrke eller næring enn fiske og fangst og anna hausting av viltlevande marine ressursar. Det er å rekne som full verksemd dersom ein har ei arbeidstid på 2/3 eller meir av det som er vanleg i vedkomande yrke eller næring. Det er også å rekne som full verksemd dersom inntekta på årsbasis overstig sju gonger beløpet i lov 19. juni 2009 nr. 58 om merverdiavgift § 2-1 første ledd første punktum. Dersom vedkomande er omfatta av eit verkeområde som svarer til verkeområdet til Sametinget si ordning med søkjarbaserte tilskot til næringsverksemd, eller busett i kommunar der heile befolkninga er omfatta i heile eller delar av kommunen, er inntektsgrensa ni gonger beløpet i lov 19. juni 2009 nr. 58 om merverdiavgift § 2-1 første ledd første punktum. Som inntekt i anna yrke eller næring er å rekne summen av brutto lønnsinntekt, netto næringsinntekt påplussa eventuelle fondsavsetningar og kapitalinntekter. Pensjonsinntekt skal reknast med med mindre det dreier seg om fiskarpensjon eller om alderspensjon for personar under 75 år som har vore registrert i manntalet samanhengande i minst eitt av dei siste 10 åra.
    6. Vedkomande tek ikkje imot ugradert alderspensjon med mindre vedkomande er under 75 år og har vore registrert i manntalet samanhengande i minst eitt av dei siste 10 åra, og vedkomande tek ikkje imot uførepensjon etter ein uføregrad på 100 %.
    7. Vedkomande er ikkje teken opp på blad B.

    § 4. Unntak frå vilkåra for å stå på blad A i manntalet.

    Det kan gjerast unntak frå vilkåra i § 3 nr. 4-nr. 6 for personar som tek imot alderspensjon eller uførepensjon etter ein uføregrad på 60 % eller høgre, anten dersom dei har hatt fiske eller fangst i havet av fisk, krepsdyr, blautdyr eller småkval som hovudyrke i fem av dei siste 20 åra før overgang til pensjon, eller dersom særlege høve tilseier det når dei i det vesentlege av sitt yrkesaktive liv har oppfylt vilkåra for opptak på blad B. Inntekt frå hausting av anadrome laksefiskar skal likevel ikkje reknast med. Det er eit vilkår at vedkomande tidlegare har vore registrert i fiskarmanntalet, og at vedkomande ikkje har inntekt frå anna yrke eller næring som overstig fem gonger beløpet i lov 19. juni 2009 nr. 58 om merverdiavgift § 2-1 første ledd første punktum. Dersom vedkomande er omfatta av eit verkeområde som svarer til verkeområdet for Sametinget si ordning med søkjarbaserte tilskot til næringsverksemd, eller busett i kommunar der heile befolkninga er omfatta i heile eller delar av kommunen, er inntektsgrensa sju gonger beløpet i lov 19. juni 2009 nr. 58 om merverdiavgift § 2-1 første ledd første punktum.

    § 5. Vilkår for å stå på blad B i manntalet.

    Ein person har rett til å stå på blad B dersom følgjande vilkår er oppfylte:
    1. Vedkomande har fylt 15 år.
    2. Vedkomande er busett i Noreg.
    3. Vedkomande arbeider om bord på fartøy innført i registeret over merkepliktige norske fiskefartøy. I heilt spesielle tilfelle kan det gjerast unntak frå kravet om innføring i registeret.
    4. Vedkomande har på årsbasis ei brutto inntekt frå fiske eller fangst i havet av fisk, krepsdyr, blautdyr eller småkval som svarer til minst to gonger beløpet i lov 19. juni 2009 nr. 58 om merverdiavgift § 2-1 første ledd første punktum. Inntekt frå hausting av anadrome laksefiskar skal likevel ikkje reknast med. Brutto inntekt frå fiske eller fangst svarer til brutto lottinntekt til skattlegging for lottmottakarar, og 2/3 av brutto omsetning fråtrekt eventuelle salskostnader for einefiskarar. Som inntekt frå fiske eller fangst er også å rekne sjukelønn og garantilott og a-trygd i fiske etter havari eller liknande.
    5. Vedkomande er ikkje sysselsett i full eller avgrensa verksemd i anna yrke eller næring enn fiske og fangst og anna hausting av viltlevande marine ressursar. Det er å rekne som full eller avgrensa verksemd dersom ein har ei arbeidstid på 2/3 eller meir av det som er vanleg i vedkomande yrke eller næring, eller om ein er sjølvstendig næringsdrivande og har arbeidstakarar i verksemda si utanom hausting av viltlevande marine ressursar. Det er også å rekne som full eller avgrensa verksemd dersom inntekta på årsbasis overstig fem gonger beløpet i lov 19. juni 2009 nr. 58 om merverdiavgift § 2-1 første ledd første punktum. Dersom vedkomande er omfatta av eit verkeområde som svarer til verkeområdet for Sametinget si ordning med søkjarbaserte tilskot til næringsverksemd, eller busett i kommunar der heile befolkninga er omfatta i heile eller delar av kommunen, er inntektsgrensa sju gonger beløpet i lov 19. juni 2009 nr. 58 om merverdiavgift § 2-1 første ledd første punktum. Som inntekt i anna yrke eller næring er å rekne summen av brutto lønnsinntekt, netto næringsinntekt påplussa eventuelle fondsavsetningar og kapitalinntekter. Pensjonsinntekt skal reknast med med mindre det dreier seg om fiskarpensjon eller om alderspensjon for personar under 75 år som har vore registrert på blad B samanhengande i minst eitt av dei siste 10 åra.
    6. Vedkomande må ha inntekt frå fiske og fangst, jf. nr. 4, som er minst to gonger så høg som inntekta frå anna yrke eller næring, jf. nr. 5.
    7. Vedkomande tek ikkje imot ugradert alderspensjon med mindre vedkomande er under 75 år og har vore registrert på blad B samanhengande i minst eitt av dei siste 10 åra, og vedkomande tek ikkje imot uføretrygd etter ein uføregrad høgre enn 60 %.

    § 6. Unntak frå vilkåra for å stå på blad B i manntalet.

    Det kan gjerast unntak frå vilkåra i § 5 nr. 3 – nr. 4 for personar som mellombels ikkje oppfyller dei på grunn av omsorgsplikter eller andre særlege forhold.

    Det kan gjerast unntak frå vilkåra i § 5 nr. 3 – nr. 6 for administrerande fiskebåtreiarar og for personar som på grunn av tillitsverv er hindra frå å drive fiske eller fangst i same omfang som tidlegare. Det er eit vilkår at vedkomande har vore registrert på blad B i føregåande år eller oppfyller vilkåret for tidsavgrensa ervervsløyve i lov 26. mars 1999 nr. 15 om retten til å delta i fiske og fangst (deltakarlova) § 7 andre ledd.

    Det kan gjerast unntak frå vilkåra i § 5 nr. 4-nr. 6 for personar som har fylt 60 år eller tek imot uførepensjon etter ein uføregrad på 60 % eller lågare, og som har vore registrert på blad B dei siste 10 åra. Det er eit vilkår at personen på årsbasis har ei inntekt som minst svarer til beløpet i lov 19. juni 2009 nr. 58 om merverdiavgift § 2-1 første ledd første punktum.

    Personar som står på blad B, og som har født eller skal føde barn, skal, utan omsyn til vilkåra i § 5 nr. 3 – nr. 4, bli ståande på blad B frå dei går ut i fødselspermisjon og fram til utgangen av kalenderåret etter fødselen.

    § 7. Føring av manntalet.

    Regionkontora i Fiskeridirektoratet er manntalsførar og fattar vedtak etter denne forskrifta. Fiskeridirektoratet er klageinstans.

    Reglane i forvaltningslova gjeld for vedtak som vert fatta etter denne forskrifta.

    § 8. Plikter for den manntalsførde.

    Den manntalsførde pliktar å gje melding til regionkontoret i Fiskeridirektoratet dersom han flyttar til utlandet eller til annan kommune, eller sluttar som fiskar eller fangstmann, eller elles ikkje lenger fyller vilkåra for å stå på same blad i manntalet.

    Regionkontoret kan krevje dokumentasjon for at flytting til annan kommune faktisk er gjennomførd.

    § 9. Innføring i manntalet.

    Innføring i manntalet skjer etter søknad til manntalsførar. Søknad skal fremjast på særskilt skjema.
    Innføring i manntalet skal berre skje dersom det er sannsynleg at søkjaren vil fylle vilkåra for å stå i manntalet i perioden registreringa skal gjelde for.

    Registreringa kan tidlegast gjerast gjeldande frå søknadsdato. Registreringa kan likevel i spesielle tilfelle, dersom aktivitet i fiske vert dokumentert, daterast tilbake inntil 1. januar føregåande år. Med mindre det ligg føre opplysningar som tilseier kortare varigheit, skal registreringa gjelde ut kalenderåret, eventuelt ut komande kalenderår dersom registrering skjer i perioden 1. november – 31. desember.

    Det skal stå i registeret om personen er registrert etter føresegnene i §§ 4 og 6, og eventuelt kva ledd i § 6 som gjev heimel for registreringa. Det skal stå kva kommune den manntalsførde er busett i.

    § 10. Oppsett av manntalet for komande år.

    Manntalsførar skal kvart år innan 1. november registrere alle manntalsførde som det er grunn til å tru fyller vilkåra også for komande kalenderår. Registreringa skal kunngjerast på eigna måte innan 1. november. Registreringa gjeld for heile komande kalenderår.

    Reglane i § 9 fjerde ledd gjeld tilsvarande.

    § 11. Sletting og endring av registrering.

    Personar som ber om det, eller som ikkje lenger fyller vilkåra for å stå i manntalet, skal strykast frå manntalet. Dersom årsaka er at personen ikkje lenger fyller vilkåra i § 3 nr. 5 sjette punktum, § 3 nr. 6, § 5 nr. 5 sjette punktum eller § 5 nr. 7, kan vedkomande likevel bli ståande i manntalet ut kalenderåret.

    Personar som ikkje lenger fyller vilkåra for å stå på blad B, men som fyller vilkåra for å stå på blad A, skal flyttast frå blad B til blad A.

    Personar som flyttar til ein annan kommune skal registrerast i tilflyttingskommunen. Dersom det er grunn til tvil om flyttinga er reell, skal registrering i ny kommune ikkje skje før det er godtgjort at flyttinga faktisk er gjennomførd, jf. § 8 andre ledd.

    § 12. Skriftleg melding om klage

    Manntalsførar skal gje skriftleg melding med opplysningar om retten til å klage etter forvaltningslova når ein person:
    1. får heilt eller delvis avslag på søknad om førstegongs registrering,
    2. vert stroken frå manntalet
    3. er manntalsførd, men ikkje vert førd opp på lista nemnd i § 10
    4. vert flytta mellom blad A og blad B, eller
    5. vert registrert som busett i ein annan kommune.
    Skriftleg melding er likevel ikkje nødvendig når endringa eller slettinga er gjort etter oppmoding frå personen sjølv eller det elles er openbert unødvendig.

    § 13. Særlege reglar om forholdet til folketrygda.

    Registrering i fiskarmanntalet etter §§ 4 eller 6 første eller fjerde ledd gjev ikkje rett til ytingar etter særføresegnene om yrkesskade i folketrygdlova.

    Registrering i fiskarmanntalet etter § 6 første eller fjerde ledd gjev ikkje rett til sjukepengar etter særføresegnene for fiskarar i folketrygdlova.

    § 14. Ikrafttreding.

    Forskrifta trer i kraft 1. januar 2009. Frå same tid vert forskrift 26. september 1983 nr. 1495 om føring av manntall for fiskere, fangstmenn m.v. oppheva.

    Vedtak som er fatta med verknad for manntalsåret 2009 i medhald av tidlegare forskrift gjeld likevel etter sitt innhald i 2009.

    JLO/EW

    Merkander:

    (23,10 kB)