Første fangstskute på plass i isen

Selfangsten opnar 10. april og «Havsel» med inspektør frå Fiskeridirektoratet om bord er første fangstskute ved iskanten. Også «Kvitungen» har fått grønt lys og er på veg til feltet.

Årets selfangst kan berre føregå i Vestisen, nord for Island, og kvoten er på 7397 grønlandssel. Sjølve fangstinga kan først starte 10. april og må vere avslutta 30. juni.

Tilskot

Selfangst er ei krevande næring og med til dels utfordrande økonomi. Samstundes er det viktig at næringa kan bestå og skape mest mogeleg verdiar av fangsten. Det vert difor ytt tilskot til selfangsten. I år er dette tilskotet på 1,5 millionar kroner og ein aktør kan motta inntil ein million kroner. For å kunne motta grunntilskot må fartøyet ha fangsta i minst 35 døgn.

Havsel er framme ved iskanten og klar for årets selfangst. Foto: Fiskeridirektoratet

Også mottak som tar imot selskinn/selprodukt kan søke tilskot dersom dei har kjøpargodkjenning frå Fiskeridirektoratet og løyve frå Mattilsynet til å produsere selolje. I tillegg må mottaka ha fasilitetar for å kunne motta selskinn, selspekk og kjøtt.

Oppdatert: 08.04.2024

Jobber du i fiskerinæringen?

Vi vil gjerne intervjue deg om hvilke utfordringer fiskerinæringen står overfor når det gjelder å følge regelverket i praksis.  

Les mer og meld deg til intervju