Reglar for turistfiske
Du er velkomen til å fiske i sjøen i Noreg. Som utanlandsk turist må du følgje nokre enkle reglar for å ta vare på ressursane.
Som turistfiskar kan du
-
berre bruke handhalden reiskap som snøre og fiskestong. Utanlandske turistar har ikkje lov til å bruke garn, teiner, ruser, liner eller liknande.
-
ta med deg 15 kg fisk eller fiskevarer ut av landet to gonger per år dersom du er fylt 12 år og har fiska i regi av ein registrert fiskecamp.
-
delta på fangst av kongekrabbe hjå turistbedrifter som har kvote på kongekrabbe.
-
delta i jakt på kystsel berre på visse vilkår og saman med ein norsk statsborgar og dersom du har godkjent skyttarlisens.
Som turistfiskar kan du ikkje
-
selje fangsten.
-
fiske fisk under minstemål.
-
fiske freda arter (nokre artar er heilt eller delvis freda).
-
vere nærare enn 100 meter frå næraste oppdrettsanlegg når du fiskar. All båttrafikk skal skje minst 20 meter unna oppdrettsanlegg og festeanordningane til anlegget.
Redningsvest
Bruk alltid redningsvest når du ferdast på sjøen!