Registrering av turistfiskebedrift

Alle turistfiskebedrifter som oppfyller bestemte kriterium må registrere seg i Fiskeridirektoratets register over slike bedrifter.

Skjemaside for å registrere di bedrift

Registreringa gjeld for bedrifter:

  • som er registrerte i meirverdiavgiftsregisteret
  • har inntekt basert på turistfiske i sjø på minst 50 000 kroner per kalenderår (brutto) og
  • disponerer minst eit fartøy for utleige til fisketuristar eller som tar turistar med på fiske.

Registreringa skjer ved at søknad med nødvendige opplysingar vert sendt til Fiskeridirektoratet. For å gjere søknadsprosessen så enkel som mogleg er det laga eit digitalt søknadsskjema på Min side . Når bedrifta vert registrert får bedrifta automatisk ei kvittering på at den er registrert.

Registreringspliktige bedrifter skal:

  • rapportere gjestane sine fangstar til Fiskeridirektoratet fortløpande. 
  • informere turistane om regelverket for sports- og rekreasjonsfiske, inkludert om omsettingsreglar og utførselskvotar.

Frivillig registrering

Bedrifter som leiger ut minst éin båt og som har omsetnad frå turistfiske, men som står utanfor meirverdiavgiftsregisteret, kan registrere seg frivillig. Du må vere registrert i Brønnøysundregistra og ha eit organisasjonsnummer.

Registrering for utenlandske borgarar 

  • Alle utenlandske borgarar må ha eit D-nummer for å kunne registrere ei bedrift. D-nummer blir tildelt av Folkeregisteret/Skatteetaten og kan bli tildelt utenlandske borgarar med mellombels opphald i Noreg – som gjestearbeidar eller liknande. Les meir om dette hos skatteetaten.
  • For å kunne registrere ei bedrift i turistfiskeregisteret, anten som frivillig (inntil 50.000 kroner i omsetning) eller pliktig (over 50.000 kroner i omsetning) må ein ha eit organisasjonsnummer. Det kan ein få ved Brønnøysundregisteret. Personar som søker om å få eit organisasjonsnummer må ha eit fødselsnummer eller D-nummer. Les meir om dette hos Brønnøysundsregisteret.
  • For å kunne registrere ei bedrift i turistfiskeregisteret etter å ha fått D-nummer og organisasjonsnummer må ein kunne logge seg inn på Min side via ID-porten. For å få bank-ID eller annan digital innlogging må ein ha eit D-nummer. Les meir om dette hos ID-porten.

Les meir

Fangstrapportering for turistfiskebedrifter

Utførselskvote for turistar

Oppdatert: 03.09.2020