Personvern på fiskeridir.no, nyhetsbrev og i sosiale media
For å forbetre nettsidene våre, samlar vi inn informasjon om bruksmønsteret til besøkande via Google Analytics. I sosiale media behandlar vi personopplysningar i høve til vilkår for behandling i den enkelte kanal.
Webanalyse og informasjonskapslar
Som ein viktig del av arbeidet med å lage ein brukarvennleg nettstad, ser vi på brukarmønsteret til dei som vitjar nettstaden. For å analysere informasjonen bruker vi Siteimprove, Google Analytics og Hotjar.
Desse verktøya bruker informasjonskapslar/cookies som registrerer IP-adressene til brukarane, for på den måten å skaffe informasjon om bruksmønster, type nettlesar, operativsystem og breibandsleverandør. Bruksmønsteropplysingar vert brukte i aggregert form til analyseformål for å forbetre nettsidene.
Alle innsamla data vert anonymiserte, og kan derfor ikkje sporast tilbake til enkeltbrukarar.
Du kan velje ikkje å akseptere informasjonskapslar (cookies) ved å endre innstillingane i din nettleser. Besøk nettvett.no for meir informasjon om korleis du administrerer informasjonskapslar.
Informasjonen frå Google Analytics blir lagra hos serverane til Google i USA. Dei mottekne opplysningane er underlagde retningslinjene som Google har for personvern.
Korleis SiteImprove behandlar data (siteimprove.com)
Hotjar behandlar data i tråd med europeiske personvernlover. Hotjars retningslinjer for personvern (hotjar.com)
Behandlingsgrunnlaget for lagring av slika data er GDPR artikkel 6 nr. 1 f), som tillet oss å behandle opplysingar som er nødvendige for å ivareta ei rettmessig interesse som veg tyngre enn omsynet til den enkeltes personvern. Den rettmessige interessa er å forbetre tenestene våre.
Nyheitsbrev og abonnement på tenester frå Fiskeridirektoratet
På fiskeridir.no kan du registrere deg med enten mobilnummer eller e-post og få våre nyheitsbrev, eller varsel om nye fiskerimeldingar, j-meldingar, akvakulturforskrifter og kart. Fiskeridirektoratet brukar eksterne leverandørar til å drifte desse tenestene. Det er inngått databehandlaravtalar med tenestetilbydarane. MailMojo er databehandlar for nyheitsbrevet, mens Systor Vest AS er databehandlar for sms-varslinga.
Behandlingsgrunnlaget vårt er ditt samtykke, og du kan når som helst trekke dette tilbake.
Personvern i våre sosiale media kanalar
Fiskeridirektoratet har profilar i følgande sosiale media:
Facebook (Facebook GDPR & Privacy)
Instagram (Instagram Data Policy)
Linkedin (Linkedin Privacy Policy)
Twitter (Twitter GDPR & Privacy)
Youtube (Youtube Policies & Safety)
Profilane er oppretta i høve til brukarvilkår hos dei respektive kanalane. For å følge våre profilar krev det brukarkonto i kvar av dei sosiale mediakanalane, og ved å opprette konto og følge våre profilar godtar brukaren kanalens vilkår for bruk. Fiskeridirektoratet føl retningslinjer for kontoadministratorar og behandlar personopplysningar i høve til vilkår for behandling i den enkelte kanal.