Sjølv om forvaltinga kan instruerast av politisk leiing, er forvaltinga fagleg uavhengig, byggjer sine råd på kunnskap vunne gjennom erfaring eller forsking og gir råd til politisk leiing basert på beste faglege skjønn. Forvaltinga legg fram ulike alternativ, grunngjev desse og illustrerer konsekvensane av dei ulike alternativa.
Fiskeridirektoratet skal bidra til å oppfylle Nærings- og fiskeridepartementets overordna mål, som er å sikre rammevilkåra for ei lønsam og berekraftig fiskeri- og havbruksnæring samt anna marint basert næringsliv.
Vi har rundt 420 årsverk fordelt på 20 kontor i heile landet.