Registrer deg til hummarfiske
Alle som skal fiske hummar må registrere seg, også dei som var registrerte i fjor. Registreringa gjeld berre for inneverande år, men deltakarnummeret blir gjenbrukt.
Dette skjemaet krev innlogging med ID-porten.
Registreringsskjema for å delta i hummarfiske (ID-porten)
Kven skal bruke skjemaet
Registreringsskjemaet gjeld både fritidsfiskarar og yrkesfiskarar. Det betyr at yrkesfiskarar skal klikke på privatperson og ikkje på verksemda når dei klikkar seg inn på skjemaet.
Søkje på vegner av andre
Dersom du av ulike grunnar ikkje kan bruke det digitale registreringsskjemaet, kan andre søkje på dine vegner. Den som skal søkje for deg må vite:
- fødselsnummeret ditt
- namnet og adressa di
- telefonnummeret ditt