Ferdsel ved oppdrettsanlegg

Det er forbode å fiske nærare enn 100 meter frå oppdrettsanlegg.

Likeeins å ferdast nærare enn 20 meter frå anlegget og tilhøyrande slepekast eller notsteng som er fortøydd i land eller på annan måte. Grunnen er at det kan skje uhell, som mellom anna kan føre til at fisk rømmer.

Varsle om rømt fisk

Får du vite eller har mistanke om at fisk har rømt frå oppdrettsanlegg, meld straks frå til Fiskeridirektoratet.

Forbodet mot fisk og ferdsel ved oppdrettsanlegg er heimla i akvakulturdriftsforskrifta § 18 (lovdata.no) .

 
Oppdatert: 07.11.2019