Monteringsbeskriving for rømmingshol i hummar- og krabbeteiner – for fritidsfiskarar

Alle teiner som blir brukte til fangst av hummar, taskekrabbe og annan krabbe (unntatt snøkrabbe), skal ha rømmingshol som blir halde lukka av bomullstråd.

Denne monteringsbeskrivinga gjeld for teinefiske utført av fritidsfiskarar og turistfiskeverksemder dersom det blir brukt fartøy som ikkje er merkeregistrert.

Monteringsbeskrivinga gjeld ikkje for teiner som vert sette til fangst av kongekrabbe. Det er fastsett eigen monteringsbeskriving for kongekrabbeteiner.

Krav til rømmingshol

Bomullstråden og monteringa av rømmingshol må oppfylle desse krava:

  • Bomullstråden skal ikkje vere tjukkare enn 3 mm i diameter.
  • Bomullstråden skal vere ubehandla og utan kjerne.
  • Bomullstråden skal festast slik at det er tilstrekkeleg med eit trådbrot før rømmingshol vert frigjort.
 
3 mm bomullstråd. Foto: Langedal / Fiskeridirektoratet
Eksempel på 3 mm bomullstråd, ubehandla og utan kjerne. Foto: Langedal / Fiskeridirektoratet
  • I dei tilfelle der det er tillate å bruke tømmeluker som rømmingshol, er tillaten montering beskriven under kvar hovudtype av teiner. 
  • Rømmingsholet skal vere tilstrekkeleg stort til at det kan trekkast gjennom ein sylinder med minimum 15 cm i diameter. For rømmingshol i notlin, vel brukaren sjølv om det passar best å lage eit «rett hol» eller hol som «vinkel».
  • Rømmingshol i kalvar (inngangar) kan berre lagast dersom kalven er laga av notlin.
  • Det er ikkje tillate med montering av rømmingshol i botnen av teina. På ei teine med tønneform, er den tredjedelen av teina som har botnkontakt å rekne som botnen av teina.

Type "skotteteine"

Skotteteine. Foto: Langedal / Fiskeridirektoratet
Skotteteine. Foto: Langedal / Fiskeridirektoratet
  • Dersom teina består av berre eit kammer, er det valfritt kva for ei av tømmelukene på sida eller kva for ei av sideflatene som vert brukte til rømmingshol.
  • Dersom teina har «sovekammer», er det dette kammeret som skal ha rømmingshol.
  • Dersom teina har fleire «sovekammer» skal desse ha rømmingshol.

Bilda under viser eksempel på 3 ulike metodar for montering av rømmingshol:

Skotteteine med sidehull. Foto: Langedal / Fiskeridirektoratet
Rømmingshol på sideflate: Brukaren vel sjølv plassering og retning på holet som vert laga. Holet må vere tilstrekkeleg stort til at det kan trekkast gjennom ein sylinder med minimum 15 cm i diameter, slik at det er fri utgang. Foto: Langedal / Fiskeridirektoratet
Skotteteine med feste i lukestrikk. Foto: Langedal / Fiskeridirektoratet
Rømmingshol med bomullstråd festa i strikk: Bomullstråden skal vere montert slik at festet som held luka på plass vert frigjort ved eit enkelt trådbrot. Dersom det vert laga ei festeløysing for å unngå tap av sjølve kroken ved brot i bomullstråd, skal luka uansett kunne opnast minst 15 cm. Foto: Langedal / Fiskeridirektoratet
Skotteteine med festekrok. Foto: Langedal / Fiskeridirektoratet
Rømmingshol med bomullstråd i feste til tømmeluke: Bomullstråden skal vere montert slik at festet som held luka på plass vert frigjort ved eit enkelt trådbrot. Foto: Langedal / Fiskeridirektoratet

I tillegg er det mogleg å velje mellom ytterlegare 2 løysingar. Dersom teina har meir enn eit kammer skal løysinga vere plassert i «sovekammer».

  1. I teiner der inngangen/kalven er laga av notlin, kan kalven brukast til å lage rømmingshol dersom det er mogleg å lage eit hol som er tilstrekkeleg stort til at det kan trekkast gjennom ein sylinder på minimum 15 cm i diameter. Holet syast (lukkast) igjen med bomullstråd som berre er fest i endane, slik at holet vert frigjort ved enkelt trådbrot.
  2. Det er tillate å montere ei separat lukeløysing på sideflate på teine, som vert halde lukka med bomullstråd i eit eller to festepunkt. Løysingen skal vere «hengsla» i nedre kant eller på ei av sidene. Det skal vere tilstrekkeleg med enkelt trådbrot i festepunktet/festepunkta for at luka skal frigjerast for opning. Opninga skal vere fri og må vere minimum 15 cm i diameter. Denne løysingen er i hovudsak retta mot produksjon av nye teiner, men er tillate å montere i brukte teiner.

Type "plastkasseteine"

Plastkanneteine. Foto: Langedal / Fiskeridirektoratet
Standard «plastkasseteine» med tilnærma heildekkande tømmelokk på toppen, eit kammer og inngangar (kalvar) i begge ender av teina. Foto: Langedal / Fiskeridirektoratet

Bomullstråden skal inkluderast i anordninga som held lokket på plass. Eit enkelt brot på bomullstråden skal medføre at feste for luka er frigjort. Ved brot på bomullstråden skal luka kunne opnast minimum 15 cm frå ramma, men det er ein fordel om den kan opnast fritt.

Bilda under viser 4 valbare løysingar for rømmingshol.

Plastkanneteine med krok opp. Foto: Langedal / Fiskeridirektoratet
Festekrok i strikk for tømmeluke: Ved bruk av denne løysinga må det lagast hol på undersida av teina for krok- eller gummifeste. Kroken (raud på bilde) vert festa til strikken på ein måte slik at det er tilstrekkeleg med eit enkelt trådbrot for at luka skal frigjerast. Foto: Langedal / Fiskeridirektoratet
Plastkanneteine med krok ned. Foto: Langedal / Fiskeridirektoratet
Festekrok i strikk for tømmeluke: Ved bruk av denne løysinga må det lagast hol på undersida av teina for krok- eller gummifeste. Kroken (raud på bilde) vert festa til strikken på ein måte slik at det er tilstrekkeleg med eit enkelt trådbrot for at luka skal frigjerast. Foto: Langedal / Fiskeridirektoratet
Plastkanneteine med hempeløsning. Foto: Langedal / Fiskeridirektoratet
Hempe av bomullstråd i strikk for tømmeluke: Bomullstråden skal vere montert slik at festet som held luka på plass vert frigjort ved eit enkelt trådbrot. Foto: Langedal / Fiskeridirektoratet
Plastkanneteine med rømmingshull på siden. Foto: Langedal / Fiskeridirektoratet
Lukeløysing på sidan av teina: Ved denne løysingen vert det laga eit hol i sida på teina som skal vere stort nok til å kunne trekke gjennom ein sylinder med diameter på minimum 15 cm. Holet vert tetta med ei plate som vert festa til teina i minst fire punkt med bomullstråd. For denne løysingen gjeld ikkje kravet om at eit enkelt trådbrot skal vere tilstrekkeleg for opning av hele rømmingsholet. Foto: Langedal / Fiskeridirektoratet

I tillegg er det mogleg å velje mellom ytterlegare 2 løysingar:

  • I teiner der inngangen/ kalven er laga av notlin, kan kalven brukast til å lage rømmingshol dersom det er mogleg å lage eit hol som er tilstrekkeleg stort til at det kan trekkast gjennom ein sylinder på minimum 15 cm i diameter. Holet syast (lukkast) igjen med bomullstråd som berre er festa i endane slik at holet vert frigjort  ved enkelt trådbrot.
  • Det er tillate å montere ei separat lukeløysing på sideflata på teina. Luka vert halden  lukka med bomullstråd i eit eller to festepunkt. Løysinga skal vere «hengsla» i nedre kant eller på sida og det skal vere tilstrekkeleg med enkelt trådbrot i festepunktet/festepunkta for at luka skal frigjerast for opning. Opninga på minimum 15 cm i diameter skal vere heilt fri. Denne løysingen er i hovudsak retta mot produksjon av nye teiner, men er tillate å montere i brukte teiner.

Type "klappeteine"

Klappeteine. Foto: Langedal / Fiskeridirektoratet
Standard «klappteine» med eit kammer og inngangar (kalvar) i begge endar av teina. Teina vert opna med mekanisk lås på toppen. Foto: Langedal / Fiskeridirektoratet

Brukaren vel sjølv kvar i teina det skal lagast hol, men holet skal vere plassert slik at det kan trekkast gjennom ein sylinder med minimum 15 cm i diameter slik at det er fri utgang. Holet syast (lukkast) igjen med bomullstråd som berre er festa i endane slik at holet vert frigjort ved eit enkelt trådbrot.

Klappeteine med hull i tak. Foto: Langedal / Fiskeridirektoratet
Bildet viser plassering ved uttesting som gav lav slitasje på tråd. Foto: Langedal / Fiskeridirektoratet

I tillegg er det mogleg å velje mellom ytterlegare 2 løysingar:

  • I teiner der inngangen/ kalven er laga av notlin, kan kalven brukast til å lage rømmingshol dersom det er mogleg å lage eit hol som er tilstrekkeleg stort til det kan trekkast gjennom ein sylinder på minimu 15 cm i diameter. Holet syast (lukkast) igjen med bomullstråd som berre er festa i begge endar, slik at holet vert frigjort ved enkelt trådbrot.
  • Det er tillate å montere ei separat lukeløysing på sideflata eller taket på teina. Luka vert halden lukka med bomullstråd i eit eller to festepunkt. Løysingen skal vere «hengsla» i nedre kant eller på sida og det skal vere tilstrekkeleg med enkelt trådbrot i festepunktet/festepunkta for at luka skal frigjerast for opning. Opninga på minimum 15 cm i diameter skal vere heilt fri. Denne løysingen er i hovudsak retta mot produksjon av nye teiner, men er tillate å montere i brukte teiner.

Type "treteine"

Treteine. Foto: Langedal / Fiskeridirektoratet
Krabbeteine laga av trematerialar. Dette er den teinetypen som det finns flest ulike utgåver av. Det inkluderer også anordningar for tømmeluke. Foto: Langedal / Fiskeridirektoratet

Tillatne løysingar er baserte på at teina har eit kammer. Dersom det er laga sovekammer, skal rømmingshol dekke dette kammeret.

Brukarar av treteine kan velje mellom følgjande løysingar for montering av rømmingshol:

  • I teiner der inngangen/ kalven er laga av notlin, kan kalven brukast til å lage rømmingshol dersom det er mogleg å lage eit hol som er tilstrekkeleg stort til at det kan trekkast gjennom ein sylinder på minimum 15 cm i diameter. Holet syast (lukkast) igjen med bomullstråd som berre er festa i endane slik at holet vert frigjort ved eit enkelt trådbrot.
  • Det er tillate å lage eit hol på ei av sideflatene på teina. Holet skal vere stort nok til å kunne trekke gjennom ein sylinder med diameter på minimum 15 cm. Holet skal tettast med plate som er festa til teina med bomullstråd i minst fire punkt. For denne løysingen gjeld ikkje kravet om at eit enkelt trådbrot skal vere tilstrekkeleg for opning av hele rømmingsholet.
  • Det er tillate å montere ei separat lukeløysing på sideflata på teina. Luka vert halden lukka med bomullstråd i eit eller to festepunkt. Løysinga skal vere «hengsla» i nedre kant eller på sida og det skal vere tilstrekkeleg med eit enkelt trådbrot i festepunktet/festepunkta for at luka skal vere frigjort for opning. Opninga på minimum 15 cm i diameter skal vere heilt fri. Denne løysingen er i hovudsak retta mot produksjon av nye teiner, men er tillate å montere i brukte teiner.

Andre "teinetypar"

For andre typar teiner, eller teiner laga av anna materiale enn det som er angitt ovanfor, kan følgjande løysingar brukast:

  • I teiner der inngangen/kalven er laga av notlin, kan kalven brukast til å lage rømmingshol dersom det er mogleg å lage eit hol som er tilstrekkeleg stort til det kan trekkast gjennom ein sylinder på min. 15 cm i diameter. Holet syast (lukkast) igjen med bomullstråd som berre er festa i begge endar slik at holet vert frigjort ved enkelt trådbrot.
  • Det er tillate å lage eit hol på ei av sideflatene på teina. Holet skal vere stort nok til å kunne trekke gjennom ein sylinder med diameter på minimum 15 cm. Holet skal tettast med ei plate som er festa til teina med bomullstråd i minst fire punkt. For denne løysinga gjeld ikkje kravet om at eit enkelt trådbrot skal vere tilstrekkeleg for opning av hele rømmingsholet.
  • Det er tillate å montere ei separat lukeløysing på sideflata på teina. Luka vert halden lukka med bomullstråd i eit eller to festepunkt. Løysinga skal vere «hengsla» i nedre kant eller på sida og det skal vere tilstrekkeleg med eit enkelt trådbrot i festepunktet/festepunkta for at luka skal vere frigjort for opning. Opninga på minimum 15 cm i diameter skal vere heilt fri. Denne løysingen er i hovudsak retta mot produksjon av nye teiner, men er tillate å montere i brukte teiner.

Rømmingshol i kombinasjon med gjenfinningsløysingar

Rømmingshol i kombinasjon med flytbare gjenfinningsløysingar er tillatne.

  • For at ei slik løysing skal vere tillaten må det lagast eit hol i sideveggen på teina med ei fast opning på minimum 15 cm i diameter. Holet skal lukkast med ei flytbar gjenfinningsløysing som vert halden lukka (låst) med bomullstråd på ein måte slik at eit enkelt trådbrot er tilstrekkeleg for at holet opnast med fri utgang.

Råd i forbindelse med montering

  • Ved bruk av løysingar der frigjering av «festekrokar» er ein del av løysinga for rømmingsholet, anbefaler vi anordningar som også bidrar til at kroken ikkje vert mista ved trådbrot under pågåande fiske. 
  • Ved bruk av løysingar med plater som tettar rømmingshol vert det anbefalt å ha ei tilleggsløysing som gjer at sjølve plata ikkje forsvinn frå teina ved trådbrot under pågåande fiske.