Du er her:

Ferdsel ved oppdrettsanlegg

Oppdatert: 26.10.2015

Det er forbode å fiske nærare enn 100 meter frå oppdrettsanlegg. Likeeins å ferdast nærare enn 20 merter frå anlegget og tilhøyrande slepekast eller notsteng som er fortøydd i land eller på annan måte. Grunnen er at det kan skje uhell, som mellom anna kan føre til at fisk rømer.

Montasje. Foto © MIR

Oppdrettarar og offentlege etatar arbeider hardt for at oppdrettsfisk ikkje skal kome ut av merdene då dette får uheldige fylgjer for miljøet.

Til dette arbeidet treng vi hjelp frå alle som ferdast på sjøen. Så difor: Køyr varsamt når du passerer eit oppdrettsanlegg.  

Varsle om rømt fisk

Får du vite eller har mistanke om at fisk har rømt frå oppdrettsanlegg, meld straks frå til Fiskeridirektoratet.