J-63-2004: (Utgått) Endring i lov av 21. desember 2000 nr. 118 om havbeite

Erstattet av: J-1-2006

Endringer: Se utgåtte meldinger

Gyldig fra: 01.01.2004

Endring i lov av 21. desember 2000 nr. 118 om havbeite

Innholdsfortegnelse:

    Lov om matproduksjon og mattrygghet mv. (matloven) fastsatt av Helsedepartementet 01.01.2004 medførte følgende endring:

    Lov av 21. desember nr. 118 om havbeite § 3 andre ledd skal lyde:

    Løyve kan ikkje bli gitt dersom det er fare for skadelege verknader på folkehelsa eller miljøet, medrekna fare for skade på det biologiske mangfold, økologisk ubalanse eller spreiing av sjukdommar.

    Loven lyder etter dette:

    LOV AV 21. DESEMBER 2000 NR. 118 OM HAVBEITE.

    Kapittel I, Innleiande foresegner

    § 1 Formål

    Formålet med denne lova er å bidra til at havbeite kan få ei balansert og bærekraftig utvikling og bli ei lønsam kystnæring.

    § 2 Virkeområde

    Lova gjeld utsetting og gjenfangst av krepsdyr, blautdyr og pigghuder til næringsformål (havbeite). Verksemd som har løyve etter lov 14. juni 1985 nr. 68 om oppdrett av fisk, skalldyr m.v. blir ikkje omfatta av lova. Departementet avgjer i
    tvilstilfeller kva som skal reknast som havbeite etter lova.

    Lova gjeld i Noregs økonomiske sone.

    Kapittel II. Løyve til havbeite. Gjenfangst.

    § 3 Løyve til havbeite

    Ingen kan drive havbeite utan løyve frå departementet.

    Løyve kan ikkje bli gitt dersom det er fare for skadelege verknader på folkehelsa eller miljøet, medrekna fare for skade på det biologiske mangfold, økologisk ubalanse eller spreiing av sjukdommar.

    Ved tildeling skal ein leggje stor vekt på samfunnsmessige nytte- og skadeverknader av tiltaket, herunder korleis verksemda passer inn i det regionale næringslivet ellers og verdien av lokal tilknytning

    § 4 Særskilt løyve til foring og andre tiltak

    Departementet kan gi løyve til foring og andre tiltak i forbindelse med havbeite. § 3 gjeld så langt den passar.

    § 5 Innhaldet i løyvet

    Løyvet gjeld eitt eller fleire geografisk avgrensa områder (lokalitet).

    Det kan setjast nærare vilkår i løyvet, mellom anna om avgrensing i tid, avgrensing med omsyn til artar og talet på individ som kan setjast ut og anna som er nødvendig av omsyn til miljøet, allemannsretten og andre interesser i området. Departementet kan ved vedtak gi føresegner om anlegg og innretningar.

    § 6 Gjenfangst

    Innehavaren av løyve etter §§ 3 og 4 (rettshavaren) har einerett til fangst etter den utsette art i lokaliteten i den utstrekning dette ikkje strider mot særlege rettar. Rettshavaren
    plikter i samme utstrekning å gjenfange den utsette arten. Departementet kan ved vedtak gjere unntak frå plikta til slik gjenfangst.

    Gjenfangsten skal skje på ein slik måte at den er til minst mulig skade for ville bestandar.

    Departementet kan ved vedtak regulere gjenfangsten for den enkelte art uavhengig av anna lovgivning.

    § 7 Oppryddingsplikt

    Den som driv havbeiteverksemd plikter ved opphør av verksemda så langt det er mogleg å gjenopprette miljøtilhøva i området, herunder fjerning av anlegg og innretninger samt å gjenfange dei utsette organismane

    Departementet kan gi føresegner om at løyveinnehavaren skal stille nødvendig sikkerhet for å gjennomføre gjenoppretting som nevnt i første ledd.

    § 8 Overføring av løyve, endringar i eigartilhøva

    Løyve til havbeite kan ikkje overførast.

    Løyvet kan likevel pantsettast. Pantsettinga får rettsvern ved tinglysing i lausøyreregisteret.
    For å sikre at gjeldande vilkår for tildeling og drift framleis blir oppfylt, kan departementet fastsetje at endringar i eigartilhøva hos innehaver av løyve må godkjennast.

    § 9 Endring og tilbakekall av løyve

    Dersom føresetnadene som ligg til grunn for eit løyve blir vesentlig endra eller dersom det er nødvendig for å sikre omsynet til miljøet, herunder omsynet til biologisk mangfold, økologi og sjukdomsbekjemping, kan departementet:

    a) heilt eller delvis trekke tilbake løyvet,
    b) endre vilkår i løyvet
    c) sette nye vilkår i løyvet

    Eit løyve kan heilt eller delvis trekkast tilbake ved grove eller gjentatte brot på føresegner gitt i eller i medhald av lova, når løyvet ikkje er nytta innan ein bestemt frist, eller når det ellers følger av alminnelige forvaltningsrettslige reglar.

    Den som på privatrettslig grunnlag har rett på verdien av organismane i lokaliteten, mister ikkje denne retten sjølv om løyvet blir trekt tilbake. Dette gjeld likevel berre i det
    omfang gjenfangst kan skje i samsvar med lova og for ein avgrensa periode. Departementet fastsett ved vedtak dei nærare vilkår for gjenfangst i slike høve og periodens lengde.

    § 10 Regulering av anna bruk og utnytting av lokalitet og buffersone

    I den utstrekning det er nødvendig for å beskytte rettshavaren sin gjenfangstrett etter § 6 første ledd, kan departementet ved vedtak avgrense eller forby anna bruk og utnytting av
    lokaliteten, herunder fiske etter andre artar Det kan tilsvarande fastsettast begrensinger eller forbod mot anna bruk og utnytting i eit område utanfor lokaliteten (buffersone).

    Fiske i lokaliteten og buffersona kan regulerast utan omsyn til føresegner gitt i eller i medhold av lov 3. juni 1983 nr. 40 om saltvannsfiske m.v.

    § 11 Skjønn

    Dersom gjenfangstretten etter § 6 første ledd avgrensar allemannsrettar som har erstatningsrettsleg vern etter alminnelige rettsgrunnsetninger, skal innehaver av løyve til
    havbeite betale erstatning etter skjønn.

    Kapittel III. Gjennomføring av lova og vedtak i medhald av lova

    § 12 Opplysingsplikt

    Den som har eller søker om løyve til å drive havbeite plikter utan hinder av teieplikt å gi dei opplysninger og foreta dei undersøkinger som departementet krevjer for at styresmaktene skal kunne utføre sine gjeremål etter lova her. Når særlege grunner tilseier det, kan opplysninger krevast av den som leverer varer og tenester til den som har eller søker om løyve til havbeite.

    § 13 Tilsyn

    Vedkomande styresmakt har adgang til eitkvart anlegg og område i tilknytning til havbeiteverksemd, og til å foreta dei undersøkingar som er nødvendige for å utføre sine oppgåver etter lova.

    § 14 Tvangsmulkt

    For å sikre at føresegnene i lova eller i vedtak i medhald av lova blir gjennomført, kan departementet gi forskrift om tvangsmulkt.

    Tvangsmulkta kan innkrevjast frå den frist departementet har sett for retting av tilhøvet.

    Tvangsmulkta kan også fastsetjast på førehånd og byrjar då å løpe den dagen eit ulovleg forhold ligg føre. Det kan fastsetjast at tvangsmulkta påløper så lenge det ulovlege forholdet held fram, eller at mulkta forfell for kvart brot.

    Tvangsmulkt er tvangsgrunnlag for utlegg. Departementet kan ettergi krav på påløpt tvangsmulkt.

    § 15 Iverksetting

    Dersom vilkår i løyvet eller pålegg gitt i medhold av lova blir brotne, kan vedkomande styresmakt sørge for iverksetting på den ansvarlege si rekning. Dei utgiftene som fylgjer av dette er tvangsgrunnlag for utlegg.

    Dersom det er nødvendig å gjennomføre tiltak straks, kan vedkommande styresmakt sørge for umiddelbar gjennomføring av tiltak uten at pålegg er gitt.

    § 16 Inndraging

    Vinning frå verksemd i strid med føresegner i lova eller i vedtak i medhald av lova kan inndragast. Kostnader som knytter seg til den rettsstridige verksemd skal trekkast frå inntekta ved berekninga av vinning. Dersom storleiken på vinninga ikkje kan godtgjerast, kan det fastsettast eit beløp som ein antar svarer til vinninga.

    Inndraging kan skje utan omsyn til om forholdet medfører straffeansvar. Vedtak om inndraging er tvangsgrunnlag for utlegg. Domstolane kan prøve alle sider ved vedtaket.

    § 17 Gebyr

    Departementet kan gi forskrift om gebyr for behandling av søknader og for andre oppgåver som blir utført av offentlige styresmakter innanfor lova sitt virkeområde. Skuldig gebyr er tvangsgrunnlag for utlegg.

    § 18 Forskrifter

    Departementet kan gi nærare føresegner til utfylling og gjennomføring av reglane i lova, herunder om internkontroll, tilsyn og krav til fagleg kompetanse.

    Kapittel IV. Straff

    § 19 Straffansvar

    Den som forsettleg eller aktlaust overtrer føresegner eller vilkår gitt i eller i medhald av lova blir straffa med bøter eller fengsel inntil 1 år. På samme måte straffast medvirkning og forsøk.

    Ved særleg skjerpande tilhøve kan fengsel inntil 2 år anvendast, om ikkje strengare straffebod kan anvendast.

    Departementet kan ved forskrift fastsette at brot på føresegner i medhold av lova ikkje medfører straff.

    Kapittel V. Avsluttande føresegner

    § 20 Ikrafttreding og endringar i andre lover

    Lova trer i kraft frå 1. januar 2001.

    Frå samme tid skal følgjande føresegner i andre lover endrast slik:

    1 Lov 23. oktober 1959 nr. 3 om oreigning av fast eigedom:

    § 2 nr. 28 skal lyde:

    Fiske, fangst av sjødyr, akvakultur, havbeite og verksemd i samband med slikt, medrekna undervisning, forskning og utvikling

    2 Lov 14. juni 1985 nr. 68 om oppdrett av fisk, skalldyr m.v.:

    § 2 andre ledd skal lyde:

    Med oppdrett menes all virksomhet der en forer eller behandler levende fisk og skalldyr med sikte på konsum, for, reproduksjon, utsetting, herunder havbeite, forskning eller undervisning.

    Under lovens virkeområde faller også oppbevaring av levende fisk og skalldyr som ledd i oppdrettsvirksomhet. Virksomhet som har tillatelse etter lov om havbeite av 21. desember 2000 nr. 118 omfattes ikke av loven.

    3 Lov 13. juni 1997 nr. 54 om tiltak mot sykdom hos fisk og
    andre akvatiske dyr (fiskesykdomsloven):

    § 3 ny bokstav e, skal lyde:

    e) havbeite; utsetting og gjenfangst av krepsdyr, bløtdyr og pigghuder til næringsformål.

    § 16 skal lyde:

    § 16 Drift av akvakulturanlegg m.v.

    Departementet kan gi forskrift om sykdomsforebyggende tiltak ved havbeitevirksomhet, drift av akvakulturanlegg og annen innhegning.

    § 17, nytt andre ledd skal lyde:

    Det kan ikke settes ut akvatiske dyr til havbeite uten at dette er godkjent av departementet.

    § 23 første ledd skal lyde:

    Når det er påvist eller foreligger mistanke om smittsom sykdom i havbeiteområde, akvakulturanlegg, annen innhegning eller transportmiddel, kan departementet for å hindre spredning av sykdommen gi pålegg om nødvendige tiltak, herunder avliving og destruksjon.

    ANY/EW

    Jobber du i fiskerinæringen?

    Vi vil gjerne intervjue deg om hvilke utfordringer fiskerinæringen står overfor når det gjelder å følge regelverket i praksis.  

    Les mer og meld deg til intervju