Personvernerklæring Kystfiskeappen

Fiskeridirektoratet har heimel til behandling av personopplysningar i forskrift 19. desember 2014 nr. 1822 om elektronisk rapportering for norske fiske- og fangstfartøy under 15 meter (forskrift om kystfiskeappen).

1 Fiskeridirektoratets behandling av personopplysninger

Fiskeridirektoratet er opptatt av å verne og respektere personvernet ditt. Vi behandlar personopplysningar i samsvar med den til ei kvar tid gjeldande personvernlovgjeving. Denne personvernerklæringa beskriv kva personopplysningar vi får og samlar inn, og kva vi gjer for å verna personopplysningane dine.

Fiskeridirektoratet er behandlingsansvarlig for behandlinga for verksemda av personopplysningar innsamla i Kystfiskeappen. Fiskeridirektøren har det formelle og overordna ansvaret. Fiskeridirektoratet har oppnemnt eit personvernombod som kan kontaktast på e-post  .

2 Behandlingsgrunnlag og formål med behandlinga

Når Fiskeridirektoratet behandlar personopplysningar knytt til Kystfiskeappen, gjer vi det fordi det er nødvendig for å utføra ei oppgåve i allmennta si interesse eller utøvd offentleg styresmakt som den behandlingsansvarlige er pålagt, jf. GDPR art. 6 (1) bokstav e.

Fiskeridirektoratet har heimel til behandling av personopplysningar i forskrift 19. desember 2014 nr. 1822 om elektronisk rapportering for norske fiske- og fangstfartøy under 15 meter (forskrift om kystfiskeappen).

Formålet med innsamling og behandling av personopplysningar i Kystfiskeappen er å legga til rette for ei effektiv regulering av fiskeria, betre kontroll med ressursuttaket og eit betre grunnlag for statistikk og forsking ved å nytte elektroniske system og digital kommunikasjon for å rapportere aktivitet og fangst.

3 Personopplysninger vi behandlar

Fiskeridirektoratet behandlar dei personopplysningane du oppgir når du registrer deg som brukar.

Fiskeridirektoratet samlar inn personopplysningar som blir rapporterte i tråd med avgjerdene i forskrift om elektronisk rapportering for norske fiske- og fangstfartøy under 15 meter (forskrift om kystfiskeappen) §§ 4-8, dette inkluderer mellom anna namn og posisjon. Kystfiskeappen samlar berre inn posisjonsopplysningar på tidspunktet det blir oppretta og blir sendt ei landingsmelding. Posisjonsopplysningar vert ikkje samla inn og blir ikkje lagra på noko anna tidspunkt.

Fiskeridirektoratet nyttar ei løysing frå Google Firebase og Google Analytics til bruksmønsteranalyse i appen. Bruksmønsteropplysningar blir brukte i aggregert form for å forbetra appen. Opplysningane som blir samla inn er anonymiserte, og kan ikkje sporast tilbake til enkeltbrukarar.

4 Kven vi deler opplysningar med  

Fiskeridirektoratet deler innsamla opplysningar med Kystvakta, og kan dele opplysningar med andre kontrolletatar i medhald av havressurslova § 49 første ledd.

Fiskeridirektoratet nyttar ein ekstern driftsleverandør, som står for drift av Kystfiskeappen. Det er inngått eigne databehandlaravtalar mellom Fiskeridirektoratet og databehandlarane våre som regulerer kva informasjon leverandørane har tilgang til og korleis han skal behandlast.

5 Kor lenge vi lagrar opplysninger

Fiskeridirektoratet tar vare på innsamla opplysningar til kontrollformål, og til statistiske formål.

6 Rettane dine

Som registrert brukar, har du til kvar tid rett på innsyn i dei opplysningane som er lagra om deg. I tilfelle du oppdagar at opplysningar vi har lagra om deg er feil, har du rett til å krevje at opplysningane blir retta. Innsende meldingar kan korrigerast i samsvar med avgjerda i forskrift om kystfiskeappen § 12.

Du har rett til å klage på korleis Fiskeridirektoratet behandlar opplysningane dine til Datatilsynet: eller telefon: 22 39 69 00.

7 Kontakt oss

Viss du ønsker meir informasjon om behandlinga av personopplysningar, eller du er usamd i korleis vi behandlar personopplysningane dine kan du kontakta oss på .

Oppdatert: 03.12.2020