Personvernerklæring Fritidsfiskeappen

1 Fiskeridirektoratets behandling av personopplysningar

Fiskeridirektoratet er opptatt av å verne og respektere personvernet ditt. Vi behandlar personopplysningar i samsvar med den til ei kvar tid gjeldande personvernlovgjeving. Denne personvernerklæringa beskriv kva personopplysningar vi får og samlar inn, og kva vi gjer for å verne personopplysningane dine.

Fiskeridirektoratet er behandlingsansvarleg for vår behandling av personopplysingar innsamla i Fritidsfiskeappen. Fiskeridirektøren har det formelle og overordna ansvaret. Fiskeridirektoratet har oppnemnt eit personvernombod som kan kontaktast på e-post .

2 Behandlingsgrunnlag og formål med behandlinga

Behandlingsgrunnlaget for vår innhenting og behandling av personopplysningar er samtykke.

Fiskeridirektoratet samlar inn personopplysningar for at appen skal kunne vise deg dei registrerte opplysningane dine, inkludert meldingar om tap og funn av fiskereiskap og bifangst av sjøpattedyr. I tillegg vert det samla inn opplysningar for å utarbeide statistikk, for å førebyggje og avdekke misbruk av tenestene våre, og for å vidareutvikle Fritidsfiskeappen.

3 Personopplysninger vi behandlar

3.1 Opplysningar du sjølv gir oss

Fiskeridirektoratet behandlar dei personopplysningane du oppgir når du registrerer deg som brukar. Dette er berre nødvendig dersom du skal registrere tapt eller funne fiskereiskap og melde bifangst av sjøpattedyr. Registrering skjer ved utfylling av skjema i appen. Opplysningar du seinare oppgir, til dømes melding om tapte fiskereiskap, blir kopla til profilen din.

3.2 Opplysningar vi samlar inn når du brukar våre digitale tenester

Fiskeridirektoratet nyttar ei løysing frå Google Firebase og Google Analytics til bruksmønsteranalyse i appen. Bruksmønsteropplysningar blir brukte i aggregert form for å forbetre appen. Opplysningane som blir samla inn er anonymiserte, og kan ikkje sporast tilbake til enkeltbrukarar

4 Kven som har tilgang til dine personopplysningar 

For å sikre at behandlinga av opplysningar skjer på ein sikker måte, er det berre spesielt godkjente personar hos Fiskeridirektoratet som har tilgang til informasjonen du gir oss. Det er berre tilsette som har behov for slik godkjenning som har tilgang. Tilgangen til informasjon er sikra med tilgangskontrollmekanismar.

Fiskeridirektoratet nyttar ein ekstern driftsleverandør, som står for drift av Fritidsfiskeappen. I tillegg nyttar vi enkelte andre tenesteleverandørar som har behov for tilgang til område som inneheld personopplysningar – først og fremst i samband med vidareutvikling av appen. Det er inngått eigne databehandlaravtalar mellom Fiskeridirektoratet og databehandlarane våre som regulerer kva informasjon leverandørane har tilgang til og korleis den skal behandlast.

5 Oppbevaring av opplysningar

Når du har oppretta ein brukarprofil, vil opplysningane lagrast så lenge du er aktiv brukar av appen. Dersom du ikkje lenger er ein aktiv brukar av tenestene våre, vil persondataa dine automatisk bli sletta seinast 2 år etter di siste innlogging.

6 Rettane dine

Som registrert brukar, har du til ei kvar tid rett på innsyn i dei opplysningane som er lagra om deg. I tilfelle du oppdagar at opplysningar vi har lagra om deg er feil, har du rett til å krevje at opplysningane blir retta.

I tillegg til ovannemnde rettar, har du òg rett til å trekke tilbake samtykket ditt, rett til å bli gløymt (sletta), og dessutan rett til å overføre data til ein annan tenesteleverandør. Dersom du ønsker at vi skal slette personopplysningane dine, kan dette gjerast i Fritidsfiskeappen ved å klikke inn på «Min side» (meny oppe til høgre), velje «Kontoen min» og velje «Slett konto». For utøving av dei andre rettane dine, kan du sende ein e-post til .

Du har rett til å klaga på korleis Fiskeridirektoratet behandlar opplysningane dine til Datatilsynet: eller telefon: 22 39 69 00.

7 Kontakt oss

Viss du ønsker meir informasjon om behandlinga av personopplysningar, eller du er usamd i korleis vi behandlar personopplysningane dine kan du kontakte oss på .

Oppdatert: 06.07.2020