Smoltvekt og notmasker: Revidert tilråding

Fiskeridirektoratet har revidert tilrådinga for minste individvekt av laksesmolt ved ulike maskeopningar. Tabellen er basert på eit utval av maskesidelengder, tidlegare kalla halvmasker, då dette viste seg å vere den beste fellesnemnaren for å kunne samanlikne dei ulike studiane av risiko for at smolt kan rømme ut igjennom maskene.

Bakgrunnen for at Fiskeridirektoratet no har revidert tilrådinga, er ei utvida kartlegging vi gjorde i samband med to rømmingshendingar. Kartleggingsprosessen viste at det er til dels svært stor variasjon blant oppdrettarar for kva dei vurderer til å vere minste akseptable individvekt ved utsett av smolt i forhold til ulike nøter. Kva kunnskap som blir lagt til grunn og korleis tidlegare tilrådingar blir tolka, har vist seg å gje relativt store utslag for kva smoltvekt ein endar opp med å vurdere som forsvarleg.

Vi har bestilt meir kunnskap frå Havforskingsinstituttet på dette feltet (sjå Feiltolking om maskeopning, men situasjonen tilseier at det allereie no er viktig å oppdatere råda for minste smoltvekt og dermed redusere risikoen for feiltolking av dei tidlegare tabellane. Ved å sjå Havforskingsinstituttets tilråding frå 2013 i samanheng med både eldre og nyare studiar, i tillegg til estimerte mellomliggande verdiar, kan vi no gje rettleiing basert eit større utval av notmasker enn kva som har vore tilfelle tidlegare. Merk at tilrådinga vil kunne endre seg i etterkant av rømmingsforsøka som inngår i kunnskapsbestillinga frå Fiskeridirektoratet til Havforskingsinstituttet.

Revidert tilråding for minste individvekt av laksesmolt ved ulike maskesidelengder (halvmasker)

Lengd på maskeside (mm) ¹  15,5 16,5 17,5 18 18,5 19,5 20 21,5 22 22,5 24 24,5 25,5 26,5 27 29
Fiskeridirektoratets tilråding for minste individvekt (gram) 40 45 55 60 70 90 100 120 125 130 160 170 195 205 215 250


¹ Utvalet av aktuelle maskesider i tabellen er henta frå fleire av notleverandørane og gjeld notlin i nylon med kvadratmasker.

Usikre tal for minste individvekt

Den ansvarlege for smoltutsettet må også vurdere å legge inn marginar som speglar grada av usikkerheit knytt til kunnskap om minste individvekt i den aktuelle gruppa med smolt. Sjå litteraturgjennomgangen frå Havforskingsinstituttet (pdf, 869.1 kB) for ei drøfting av utfordringane med usikre tal for minste individvekt i smoltgrupper. Dette er ei av fleire problemstillingar dei trekker fram i diskusjonen av rømmingsrisiko for smolt igjennom notmasker. Denne problemstillinga vil også bli undersøkt vidare som eit av hovudpunkta i kunnskapsbestillinga vår til Havforskingsinstituttet, då i form av kunnskap om metodar eller modellar for å finne minste individvekt i ei fiskegruppe.

Maskeopning som funksjon av maskeside og tråddiameter

Vi har vurdert lengd på maskeside til å vere den beste fellesnemnaren for å kunne samanlikne dei ulike studiane av rømmingsrisiko for smolt igjennom notmasker. Det er viktig å presisere at maskeopningane i ein notpose vil avhenge av fleire variablar, blant anna tråddiameteren i notlinet. Lengda på maskesidene vil likevel i praksis vere den klart mest avgjerande variabelen for kor store maskeopningane blir. I dag er det mange potensielle kombinasjonar av dei to variablane maskesidelengd og tråddiameter, og dermed eit større mangfald av maskeopningar enn kva tabellen vår med inndeling i maskesider gjev inntrykk av.

Merk også at regelverkskravet om å førebygge rømming gjennom notmaskene er relatert til maskeopning (akvakulturdriftsforskrifta § 37 fjerde ledd). Det tilgjengelege kunnskapsgrunnlaget for maskeopning er slik vi vurderer det likevel ikkje tilstrekkeleg til å kunne basere denne reviderte tilrådinga på. Det er også andre grunnar til at ein tabell basert på maskeopning ikkje kan bli heilt presis og treffande slik situasjonen er i dag, men dette er ei problemstilling vi jobbar vidare med.

I alle tilfelle er det viktig med god dialog mellom oppdrettar og notleverandør om korleis utforming av notlinet vil kunne påverke rømmingsrisiko igjennom maskene.

Oversikt over kunnskapsgrunnlaget

Den reviderte tilrådinga er basert på seks ulike kjelder. For lettare å kunne sjå samanhengen mellom kjeldene og korleis dei påverkar tilrådinga vår, fann vi det nyttig å samle alt i ein tabell som viser kunnskapsgrunnlaget på ein oversiktleg og ordna måte. Dette blir då ein utvida tabell over Fiskeridirektoratets reviderte tilråding for minste individvekt av laksesmolt.

Oversikt over kunnskapsgrunnlaget for den reviderte tilrådinga

Tilråding Smoltnot ² Generasjonsnot Storfisknot
Lengd på maskeside (mm) ¹  15,5 16,5 17,5 18 18,5 19,5 20 21,5 22 22,5 24 24,5 25,5 26,5 27 29
Tilråding for minste individvekt (gram), Havforskingsinstituttet, 2006 25 29 44   47   100                  
Endring i tilrådinga (individvekt i gram), Havforskingsinstituttet, 2007     55   65                      
Tilråding for minste individvekt (gram), Havforskingsinstituttet, 2013 26     56   87       129     195     250
Minste individvekt (gram) funne ved interpolering³    38 53   69   93 117 126   160 169   205 215  
Sistiaga et al., 2020. Individvekt (gram), inkl. sikkerheitsmargin⁴       59                       251
Fjelldal et al., 2021. Individvekt (gram)⁵. 37²                              
Fiskeridirektoratets reviderte tilråding for minste individvekt (gram) 40 45 55 60 70 90 100 120 125 130 160 170 195 205 215 250

Merknader til tabellen over

¹ Tidlegare kalla halvmaske. Utvalet av maskesider i tabellen er henta frå fleire av notleverandørane og gjeld notlin i nylon med kvadratmasker.

² Tabellen er delt inn i smoltnot, generasjonsnot og storfisknot, noko som er ei omtrentleg inndeling sidan dette ikkje er definerte kategoriar.

³ Mellomliggande verdiar er funne ved å interpolere frå verdiane i Havforskingsinstituttets tilråding frå 2013. Interpoleringa er gjort av Fiskeridirektoratet i 2022.

⁴ Verdiar for vekt ved slakk not. Fiskeridirektoratet har lagt til sikkerheitsmarginar tilsvarande marginane som er lagt til i tilrådingane frå Havforskingsinstituttet.

⁵ Fem individ villaks med vekt over 26 gram hadde kome seg inn i merden. Den største av desse var 37,4 gram.

Sistiaga, M., Herrmann, B., Forås, E., Frank, K. and Sunde, L.M., 2020. Prediction of size-dependent
 risk of salmon smolt (Salmo salar) escape through fish farm nets. Aquacultural Engineering, 89, p.102061.

Fjelldal, P.G., Bui, S., Hansen, T.J., Oppedal, F., Bakke, G., Hellenbrecht, L., Knutar, S. and Madhun,
A.S., 2021. Wild Atlantic salmon enter aquaculture sea-cages: A case study. Conservation Science and Practice, 3, e369.

Sjå elles NS 9415:2021 for definisjon av maskeside og maskeopning (maskeåpning), og for detaljert informasjon om korleis notleverandørane skal utføre målingar av desse variablane.