Mange anmeldelser for ulovlig oppbevaring av hummer

Hummarfisket sør for 62° N er over og mange har levande hummarar ståande i samleteiner i sjøen. Ein felles kontrollaksjon med Fiskeridirektoratet og Kystvakten på ein liten del av vestlandskysten i byrjinga av desember resulterte i 30 anmeldelsar, mange beslag og friheiten for 113 hummarar.

Hummarfisket er svært populært og mange har hummar som ein eksklusiv del av julemenyen. Difor nyttar også mange seg av mogelegheita dei har til å oppbevare levande hummar i samleteiner i desember.

– Det er då avgjerande at folk melder frå til Fiskeridirektoratet om kor mange hummarar dei har ståande i samleteiner og kor desse er lokalisert. Manglande innmelding vil ved kontroll føre til beslag av samleteiner og at hummarane i teina blir satt ut i sjøen. Slike saker blir anmeldt og medfører ofte store bøter, seier seniorinspektør Wenche Johannessen i Fiskeridirektoratet.

Mange beslag

Felleskontrollen vart gjennomført 2. til 6. desember i Vestland fylke i området frå Øygarden sørover til Tysnes.

– Denne kontrollen retta først og fremst merksemda mot reiskapar og oppbevaring av hummar. Vi går difor ofte med båt langs land og kontroller ved brygger og kaiar. Det er tatt beslag i 42 reiskapar og det har medført 30 anmeldelsar. Hummarar som står i samleteiner som ikkje er innmeldt til Fiskeridirektoratet blir sett fri. I denne kontrollen vart 113 hummarar gjenutsatt i sjøen. Av desse var det 6 hummarar med utvendig rogn og 12 hummarar under minstemålet på 25 cm, seier Johannessen.

Johannessen understrekar at mange av kontrollane utført i løpet av denne kontrollaksjonen også viser at alt var i orden og i tråd med regelverket.

Stort kontrollbehov

I tillegg til å kontrollere samleteiner har mannskapa frå Kystvakten og Fiskeridirektoratet også kontrollert samleteiner/samleposar for oppbevaring av krabbe, torsk og kamskjel. Her er det typisk om reiskapen er korrekt merka som er hovudfokuset. Det er viktig å få fram at folk må merke både vak, kvar enkelt reiskap og reiskap for oppbevaring av fisk og skaldyr. Dette gjeld all reiskap som står i sjøen.

– I denne omgang vart berre eit lite område kontrollert, men resultatet viser at det er eit stort behov for fortsatt å ha fokus på dette framover. Hummaren er raudlista som ein sårbar art og fiske etter hummar vert difor handheva strengt, seier Wenche Johannessen.

Oppdatert: 08.12.2023