Tips om rømt regnbogeaure i Slidrefjorden i Valdres

Fiskeridirektoratet ber publikum om å melde frå dersom dei fangar regnbogeaure i Begnavassdraget. Vi har ein eigen digital tipsportal for slike tips. 

I etterkant av uvèret «Hans» og flaumen som fulgte, har Fiskeridirektoratet motteke tips om at det er fanga regnbogeaure i Slidrefjorden dei siste dagane. Fisken var om lag 400 gram og bar tydeleg preg av å vere rømt frå oppdrett.

Bilde av regnbogeaure.

Ein kan skilje regnbogeaure frå aure ved at fisken har prikkar på halefinnen, er ofte meir finprikka og har eit rosa band langs sida. Fiskane kan også ha slitte finnar. 

 

Bilde av regnbogeaurefinne. 

Vi ønsker fleire tips

Personar som ønsker å melde inn tips om eventuell fangst av regnbogeaure i området, kan gjere det i vår digitale tipsløysing. 

Tips Fiskeridirektoratet

Det er mogleg å vere anonym ved innmelding av slike tips.

Legg gjerne ved bilde av fisken. Tipsa vil vere til hjelp for vår vurdering av omfang og spreiing av oppdrettsfisken.

Publikum må følgje gjeldande fiskereglar for området.

Oppdatert: 25.08.2023