Planlegg notkontroll til hausten

Fiskeridirektoratet planlegg no ein tilsynskampanje med temaet notkontroll. Til hausten vil dette tilsynet vere retta mot oppdrettsselskap, mens til neste år vil vi føre tilsyn med selskap som leverer notinspeksjonstenester. 

I erfaringsbasen har det kome fem nye publikasjonar relatert til notkontroll, i samband med avlusingsoperasjonar og andre aktivitetar, som kan føre med seg ein risiko for at fisk rømmer.

To publikasjonar er basert på erfaringar frå tilsyn og er knytt til mangelfull notkontroll, mens tre publikasjonar gir rettleiing i aktuelt regelverk.

Sjå publikasjoner i erfaringsbasen

Erfaringar frå notkontroll 

Det eine erfaringsarket skildrar ein stor notskade som ikkje vart oppdaga under inspeksjon etter avlusing. Hendinga er vurdert opp mot nye krav og endringar i regelverket for både oppdrettar og leverandør av notinspeksjonstenester. 

Meterlang flenge ved notkontroll

Fiskeridirektoratet har òg sett nærare på fleire tilsynssaker som involverer kontroll av not ved spyling. Tilsyna viser at oppdrettarar dei siste åra har vurdert notkontroll i samband med spyling på minst fem ulike måtar. I utgangspunktet ville berre éin av desse fem måtane ha vore i tråd med regelverket som gjeld i dag. Les erfaringsarket her:

Notskadar ved notspyling

Rettleiing i regelverket

I tillegg lanserer no vi ein ny type publikasjon i erfaringsbasen: rettleiingsark. Desse arka gir rettleiing i regelverket og du vil finne dei under kategorien «fagstoff». No publiserer vi tre slike ark som er knytt til dei nye erfaringsarka og utdjuper kva som ligg i aktuelle regelverkskrav.

Rettleiingsarket om inspeksjonsfrekvens forklarer kva som ligg i kravet om å overvake og kontrollere nøter både før, under og umiddelbart etter aktivitetar med rømmingsrisiko.

Dei to andre rettleiingsarka, om krav til kompetanse og kravet om å vere tilstrekkeleg til stades, gjeld dessutan i mange andre samanhengar enn ved notkontroll. 

Krav til inspeksjonsfrekvens er knytt til risiko for rømming

Krav til kompetanse gjeld óg for vare- og tenesteprodusentar

Oppdrettar kan ikkje overlate rømmingsrisikabelt arbeid til andre

 

Oppdatert: 06.07.2023