Monteringsrettleiing for rømmingshol i fisketeiner – for yrkesfiskarar

Her finn du krav og rettleiing for montering av rømmingshol i fisketeiner – for yrkesfiskarar.

Unntak

Denne monteringsrettleiinga gjeld for all bruk av teiner til fangst av fisk, med unntak av teiner til fangst av leppefisk.

Krav til tråd

Bomullstråden skal

  • ikkje vere tjukkare enn 4 mm i diameter.
  • vere ubehandla og utan kjerne.
  • festast slik at det alltid er tilstrekkeleg med eitt trådbrudd før rømmingsholet blir frigjort.

Krav til rømmingshol

Rømmingsholet skal vere plassert på langsida av teina, i oppbevaringskammeret (øvre kammer), ikkje høgare enn midten av det aktuelle kammeret.

Det er ikkje krav til korleis rømmingsholet ser ut, men det skal vere tilstrekkelig stort til at ein kan trekkje gjennom ein sylinder med minimum 15 cm i diameter. 

Merk: Fiskar du i Troms og Finnmark må denne sylinderen ha ein diameter på minimum 20 cm. Kravet er skjerpa for å hindre at kongekrabbe kjem seg inn i teina.

Bilde 1: Døme på montering av sideflate i oppbevaringskammer
Bilde 1: Døme på montering på sideflate i oppbevaringskammer
Bilde 2: Torsk ved rømmingshol
Bilde 2: Torsk ved rømmingshol

Krav til montering i andre typar fisketeiner

  • Dersom teina er sirkulær skal rømmingsholet plasserast i oppbevaringskammeret, med fri plassering rundt på notveggen.
  • Dersom teina berre har eitt kammer skal rømmingsholet plasserast på notveggen i det aktuelle kammeret.
  • Dersom teina er kvadratisk (ikkje noko langside) kan rømmingsholet plasserast på ønskt side av teina, men det er ikkje tilrådd å plassere det på motsett side av retninga for innhaling.

For alle dei nemnde løysingane ovanfor skal rømmingsholet ikkje vere plassert høgare enn midten av det aktuelle kammeret.

Anna type materiale i sideveggane på teina

Dersom det blir nytta fast eller stivt materiale i sideveggane på teina, skal det likevel lagast ei løysing for rømmingshol. Løysinga skal utformast i samsvar med dei øvrige krava, slik at eitt enkelt trådbrot er tilstrekkeleg for at ei opning blir frigjord.