Gjennomgang av fiskarmanntalet for 2026

Manntalet vert oppdatert slik at oppføringane for 2026 er korrekte. Fiskarar som ikkje lenger oppfyller vilkåra, kan bli sletta eller flytta.

Kvart år gjennomfører Fiskeridirektoratet ei oppdatering av fiskarmanntalet. Oppdateringa skjer på grunnlag av opplysningar frå Skatteetaten og NAV om inntekt, arbeid, trygd og bustad.

Desse opplysingane vert nytta for å vurdere om fiskarar framleis oppfyller vilkåra for å stå oppført i fiskarmanntalet for det komande året.

Viktig informasjon

Dersom du har motteke eit vedtak om at du ikkje lenger oppfyller vilkåra, vil du frå 1. januar 2026 bli sletta frå fiskarmanntalet.

Forslag til fiskarmanntal for 2026 vert offentleggjort på Fiskeridirektoratets hjemmesider 10.11.2025.

For dei som står på Blad B (hovudnæring) og har fått eit slikt vedtak, er det vurdert om du kan overførast til Blad A.

Klagefrist

Vedtaket om sletting kan påklagast innan 01.12.2025, i tråd med reglane i forvaltingslova.

Du finn meir informasjon om korleis du klagar på Klagerettigheter Fiskeridirektoratet. All kontakt i saka må merkast med saksnummer.

Ved førespurnader til oss, ber vi om at du svarer digitalt.

Du kan nytte lenka «Svar på denne henvendelsen» som ligg i din digitale postkasse eller på vår heimeside.

Publisert: