Klagerettar

Du har rett til å klage på vedtak du har fått frå Fiskeridirektoratet.

Kven kan du klage til?

Du sender klagen din til Fiskeridirektoratet, anten elektronisk eller i posten. 

Viss vi ikkje tek klagen til følgje, sender vi den til Nærings- og fiskeridepartementet for endeleg klagebehandling.

Klagefrist

Fristen for å klage er tre veker frå det tidspunktet underretning om vedtaket er komen fram. Dette betyr når vedtaket blei gjort tilgjengeleg i digital postkasse, og varsel om dette er sendt.

Dersom du har behov for å forlengje klagefristen, må du sende oss ein grunngjeven førespurnad før klagefristen går ut. Førespurnaden gir ikkje automatisk rett til utsett frist, men blir vurdert konkret i kvar enkelt sak.

Dersom du klagar for seint, kan vi avvise klagen. Då er det viktig at du gir oss ei forklaring på kvifor klagen blei send inn for seint, slik at vi kan vurdere om klagen likevel kan behandlast.

Rett til å krevje grunngjeving

Dersom du meiner vi ikkje har grunngjeve vedtaket vårt, kan du krevje ei slik grunngjeving før fristen går ut. Ny klagefrist blir då rekna frå den dagen du tek imot grunngjevinga.

Innhaldet i klagen

Dersom du meiner at vedtaket er feil, kan det skuldast feil i saksbehandlinga eller lovbruken, eller at saka di er behandla på ein uriktig eller uforsvarleg måte. Nokre gonger kan det vere vanskeleg å skilje mellom desse grunnane.

Det viktigaste er at du i klagen gjer greie for kvifor du meiner vedtaket er feil. Du kan ikkje klage på sjølve regelverket, men på vedtaket du har fått.

Hugseliste når du skriv klage

u må presisere

  • kva vedtak du klagar på

  • årsaka til at du klagar

  • kva endringar du ønskjer

  • eventuelle andre opplysningar du meiner kan ha noko å seie for vurderinga av klagen

Forklar med dine eigne ord kva som gjer at du er ueinig, og kva du ønskjer endra. Legg gjerne ved dokument som kan vise oss kvifor du er ueinig.

Rett til innsyn

Du har rett til å be om innsyn i dokumenta i saka di, og som ligg til grunn for saksbehandlinga som leidde fram til vedtaket. Det finst likevel nokre unntak.

Hjelp med klagen

Vi kan rettleie deg om korleis du sender ein klage. Kontakt oss på telefon eller skriv til oss, så vil vi kunne rettleie deg.

Andre klagemoglegheiter

Dersom du har brukt klagemoglegheitene som finst i forvaltinga, utan å få medhald, har du moglegheit til å sende klage til Sivilombodet. Dette er ein ekstraordinær klagerett, som betyr at Sivilombodet står fritt til å avgjere om dei vil behandle klagen.