eDialog
Med tenesta eDialog kan både privatpersonar og verksemder sende dokument til Fiskeridirektoratet via ein sikker og effektiv kanal.
Tenesta krev sikker identifisering, som for eksempel BankId eller MinId.
Når kan du bruke eDialog
Du kan bruke eDialog når du sender:
- post med konfidensielle opplysningar
- dokumentasjon til eksisterande sak
- andre dokument.
Når skal du ikkje bruke eDialog
Du skal ikkje bruke eDialog dersom:
- Fiskeridirektoratet tilbyr skjema til føremålet eller det gjeld tenester og skjema på Min side
- du har generelle førespurnader – send heller ein vanleg e-post til Fiskeridirektoratets postmottak.
Nyttig å vite når du fyller ut skjema
- Gi sendinga ein tydeleg tittel. Skriv kva saka gjeld og har du saksnummer frå Fiskeridirektoratet, legg det til i tittelen. Ikkje skriv personsensitive opplysningar i tittelfeltet.
- Unngå å sende personsensitive opplysningar dersom det ikkje er nødvendig.
- Det du skriv i kommentarfeltet, blir lagt ved som eit separat dokument.
- Last opp nødvendige vedlegg.
- Når du har sendt inn skjemaet, får du kvittering både i nettlesaren og på e-post, med referansenummer.
Du kan svare Fiskeridirektoratet via eDialog
Dersom Fiskeridirektoratet sender brev til deg via Altinn/eBoks/Digipost vil du i sendinga sjå ei lenkje til eDialog-skjemaet «Svar på denne forsendelsen». Der kan du fylle ut, laste opp vedlegg og sende tilbake til oss. Svaret vil bli sendt direkte inn i saks- og arkivsystemet vårt.
Fordelar med eDialog-tenesta
Bruk av eDialog-tenesta gir mange fordelar:
- Data blir overført kryptert.
- Det gir ein sikker identifikasjon av avsendar.
- Dokument blir sende elektronisk og blir mottekne direkte i Fiskeridirektoratets system.
- Vi sparar tid og pengar på postgang, porto og registrering.