Notkontroll ved aktivitetar med rømmingsrisiko
Dette rettleiingsarket forklarer kva som ligg i kravet om å overvake og kontrollere produksjonseiningar før, under og etter aktivitetar med rømmingsrisiko (jf. akvakulturdriftsforskrifta § 37a andre ledd). Rettleiinga er avgrensa til kontroll og overvaking av nøter.
Innhold
- I samband med avlusingsoperasjonar og andre aktivitetar som kan føre med seg ein risiko for at fisk rømmer, skal oppdrettar sørgje for å overvake og kontrollere nøter både før, under og umiddelbart etter aktiviteten.
- Risikovurderingane skal avklare kva type aktivitetar som har ein slik risiko.
- Det må gå fram av skriftlege rutinar korleis overvaking og kontroll av not blir gjort for dei ulike aktivitetane.
Krava gjeld både not, duk og andre typar innhegning
Kravet om kontroll og overvaking er generalisert til å gjelde alle typar einingar for produksjon av fisk (produksjonseiningar). Grunnlaget for dette er nærare forklart i høyringsnotat - forslag til endringer i akvakulturregelverket (Fiskeridirektoratet, 2021):
Med utgangspunkt i dette risikobildet foreslås det derfor at noten skal overvåkes under arbeidsoperasjoner samt kontrolleres før og umiddelbart etter gjennomføring av aktiviteter som kan medføre risiko for rømming. For å ta høyde for nye teknologiske løsninger der produksjonsenhet i sjø ikke er en notpose, foreslås det at kravet gjelder for produksjonsenheter, jf. § 4 bokstav t. (s. 22)
Ei produksjonseining er i akvakulturdriftsforskrifta definert som «innhegning, merd, kar, dam, bur, poser, avstengning og lignende» (§ 4 punkt 22).
Sidan nøter utgjer innhegninga i dei aller fleste merdane, har vi valt å avgrense dette rettleiingsarket til kontroll og overvaking av nøter. Dette gjer det enklare å knyte regelverkskravet til konkrete situasjonar og erfaringar frå tilsyn. Kravet som er omtalt her gjeld likevel uavhengig av korleis produksjonseininga er utforma og kva materiale innhegninga er laga av.
Risikovurdering, tiltak og rutinar må henge saman
Fiskeridirektoratet forventar å finne ein systematisk samanheng mellom risikovurdering, tiltak og rutine. Oppdrettar må sjølv avklare kva aktivitetar som kan føre med seg ein risiko for at fisk rømmer. Dette skal skje gjennom risikovurderingar som tek sikte på å minimalisere risikoen for rømming ved kvar enkelt lokalitet. Eigne erfaringar, lokalitetsspesifikk dokumentasjon, brukarhandbøker og Fiskeridirektoratets erfaringsbase er sentrale kjelder for denne typen kunnskap.
På grunnlag av vurderingane må det utarbeidast tiltak og rutinar som blir reviderte ved behov. Det er avgjerande at dei tilsette er inkludert på ein slik måte at samla kunnskap og erfaring hos oppdrettar blir lagt til grunn for både vurderingar og tiltak, som igjen skal ligge til grunn for dei skriftlege rutinane.
Kontroll og overvaking kan ha ulikt innhald avhengig av aktivitet
Tiltaka må tilpassast den aktuelle aktiviteten. I kva omfang det er behov for kontroll og overvaking vil naturleg nok kunne variere ein del mellom aktivitetar og gjennom aktivitetsforløpet (frå før, til under og rett etter aktiviteten). Korleis denne kontrollen og overvakinga skal skje, må gå fram av skriftlege rutinar.
Kravet gjeld nødvendig overvaking og kontroll, slik at oppdrettar skal kunne tilpasse tiltaka etter dei gjeldande risikoforholda og avgrense oppfølginga til det som er nødvendig å gjere. I kva omfang det er behov for kontroll og overvaking av ein aktivitet vil blant anna avhenge av kva andre tiltak som er gjort for å redusere rømmingsrisikoen.
Til dømes kan overvaking ved utsett av dødfiskoppsamlar ha eit anna innhald enn overvaking ved bruk av kulerekke, og notkontroll etter notspyling kan ha eit anna innhald enn notkontroll etter avlusing eller etter heving av nedsenka nøter.
Dersom aktiviteten gjeld ein avgrensa del av nota, kan overvaking og kontroll av dette området vere tilstrekkeleg. Døme på dette kan vere utsett av dødfiskoppsamlar mot senter av merden, bruk av lodd som vil vere i kontakt med notveggen eller tilfelle der berre delar av notposen er spylt rein for groe.
Kontroll av not før, under og etter aktivitet med rømmingsrisiko
Krav om risikobasert før-kontroll
Oppdrettar må sørgje for å kontrollere tilstanden på notposen før aktivitet med rømmingsrisiko kan starte. Denne kontrollen må vere tilpassa eller på andre måtar dekkande for risikoforholda knytt til den aktuelle aktiviteten.
Dei gjeldande risikoforholda vil påverke kva som er forsvarleg avstand i tid mellom siste notkontroll og den aktuelle aktiviteten. Risikovurderingane kan resultere i at før-kontrollen må gjerast same dagen som aktiviteten startar, medan risikoforholda i andre tifelle kan tilseie at det er forsvarleg med eit noko lengre tidsrom mellom før-kontroll og aktivitet.
Døme på moment å ta med i vurderinga knytt til den siste notkontrollen, er: formålet med kontrollen, omfang og tidsbruk, sikt og straumforhold, tilgjengeleg dokumentasjon.
Aktuelle moment å ta med i vurderinga av kor stort tidsrommet kan vere mellom før-kontroll og aktivitet, er: alder og tilstand på notposen, tidlegare skadar på notposen, frekvens for hol i not, periodisk førekomst av predatorar, vêrforholda i perioden, ekstrautstyr i merden og aktivitet på merdkanten i tida mellom notkontroll og aktivitet.
Før-kontroll tett opp mot bruk av kulerekke
Når fisken står trengd under trekking av kulerekka, aukar risikoen for at fisk kan rømme gjennom hol i nota som allereie var der då aktiviteten starta. Fiskeridirektoratets erfaringar viser at det er viktig å kontrollere nøter tett opp mot aktivitetar som involverer bruk av kulerekke.
Fleire oppdrettarar har rutinar for at før-kontrollen må vere gjort maksimalt ei veke før aktivitetar med rømmingsrisiko kan starte. Dette kan vere ein grei tommelfingerregel, men avhengig av dei gjeldande risikoforholda (sjå døma ovanfor) kan ei grense på sju dagar vise seg å vere eit for langt tidsrom. Perioden med makrellstørje-risiko (frå august til november) er naturleg å trekke fram som eit tidsrom med særskilde forhold, der risikoen for hol i not endrar seg periodisk innanfor eit avgrensa område langs kysten.
Fiskeridirektoratet forventar at før-kontroll av nøter blir gjort tett opp mot aktivitetar med bruk av kulerekke. Med det meiner vi same dagen som aktiviteten skjer eller nokre dagar før, avhengig av risikoforholda.
Notposen må overvakast undervegs i aktiviteten
Regelverket inneber at nota skal overvakast under alle aktivitetar med risiko for rømming. Det er då tale om nødvendig overvaking. Kva som er nødvendig overvaking undervegs i aktiviteten, vil avhenge av type aktivitet og tilgjengelege metodar for overvaking. Oppdrettar må i alle tilfelle sørgje for å overvake dei områda av nota som blir eller kan bli direkte påverka av aktiviteten, når denne påverknaden går føre seg.
Ved bruk av kulerekke er det naturleg å rette merksemda mot den delen av nota som til ei kvar tid er i direkte kontakt med kulerekka. Denne delen av nota vil normalt sett vere heilt i overflata og dermed lett tilgjengeleg for visuell kontroll. Personell med ansvar for å overvake kontaktflata mellom not og kulerekke vil då kunne gjere dette frå overflata, ved til dømes å bruke joller eller anna utstyr som sikrar at dei kjem tilstrekkeleg nær kontaktflata til å kunne overvake notlinet i nødvendig omfang.
Andre aktivitetar med fare for rømming kan vere å bruke ekstrautstyr eller hovudkomponentar på ein måte som avviker frå bruken i dagleg drift, t.d. det å ta opp eller setje ut dødfiskoppsamlar i merden. I alle tilfelle forventar Fiskeridirektoratet at oppdrettar sikrar tilstrekkeleg overvaking av aktivitetar med rømmingsrisiko ved å følgje eigne rutinar, og at desse er basert på både brukarhandbøker og eigne risikovurderingar.
Etterkontrollen skal skje umiddelbart
Når det i forskrifta heiter «umiddelbart etter gjennomføring», vil det seie at kontrollen må gjerast med éin gong, altså utan opphald og direkte etter aktiviteten er gjennomført. Når aktiviteten inneber å losse fisk i ein tom merd, t.d. i samband med avlusing i brønnbåt, skal denne kontrollen vere gjort før lossing.
Etterkontroll er meir enn notkontroll
Anlegget skal til ei kvar tid vere i forsvarleg teknisk stand, slik at det ikkje er feil eller manglar ved anlegget som kan føre til rømming (jf. NYTEK23 § 43 første ledd). Som følgje av dette må etterkontrollen i mange tilfelle omfatte meir enn berre notlinet for å sjekke om anlegget er i forsvarleg stand.
Til dømes kan ein implikasjon av å endre på nedloddinga under ein arbeidsoperasjon vere at etterkontrollen må inkludere sjekk av utspilingssystemet for å sikre at alle komponentane er montert korrekt tilbake på plass, at belastinga er normal og at anlegget dermed er i forsvarleg teknisk stand.
Dersom notkontroll før og etter arbeidsoperasjon skal inngå som ein del av det rutinemessige ettersynet (akvakulturdriftsforskriften § 37 fjerde ledd), må det sikrast at kontrollane har tilstrekkeleg omfang til å oppfylle krava til rutinemessig notkontroll [lenke til fagark]. I notkontroll etter avslutta vaskeaktivitet (notspyling) vil det til dømes vere særleg aktuelt å sjå etter skadar og slitasje på sjølve notlinet og i overgangane mellom notlin og tau, men ein regelmessig notkontroll må i tillegg inkludere fleire andre kontrollpunkt.
Tilhøyrande krav og forventingar
Rutine må ha nødvendig omfang
Fiskeridirektoratet forventar at oppdrettar har på plass skriftlege rutinar som seier korleis nota skal overvakast og kontrollerast i samband med dei ulike aktivitetane, og kva utstyr som blir brukt til dette. Teknologi og metode må vere eigna til formålet. Rutinar for notkontroll treng ikkje vere samla i ein eigen prosedyre for dette, men rutinane må kome godt nok fram i dei aktuelle prosedyrane.
Oppdrettar er ansvarleg
Det er oppdrettar som har ansvaret for at overvaking og kontroll av nøtene skjer i samsvar med regelverket, også når kontrollen blir gjennomført av ein tenesteleverandør og oppdrettar sjølv ikkje deltek under notinspeksjonen. Oppdrettar må sikre at det blir gjort ein reell kontroll av nota slik at plikta til å førebygge og avgrense rømming i akvakulturdriftsforskrifta § 37, og kravet til miljømessig forsvarleg drift i § 5, er stetta. Utstyret som blir nytta må vere eigna til å avdekke eventuelle hol i nota, og operatøren (eller operatørane) må ha nødvendig kompetanse for å handtere utstyret til dette formålet.
Samanheng med andre regelverkskrav
I driftsregelverket for akvakultur er det fleire ulike krav som har til formål å hindre rømming. Dette er krav som utdjuper den overordna plikta til å førebygge rømming, oppdage rømming raskt og avgrense konsekvensane av slike hendingar.
Plikta til å kontrollere nøtene må sjåast i samanheng med kravet om at drifta skal vere teknisk, biologisk og miljømessig forsvarleg og at det skal visast særleg aktsemd for å hindre at fisk rømmer (jf. akvakulturdriftsforskrifta §§ 5 første ledd og 37 første ledd). For å oppfylle desse pliktene må oppdrettaren gjennomføre risikovurderingar og setje i verk nødvendige tiltak med sikte på å minimalisere risikoen for rømming (jf. akvakulturdriftsforskrifta § 37 første og andre ledd og forskrift om IK-Akvakultur).
Krav til overvaking og kontroll av not må òg sjåast i samanheng med krav til å prosjektere, utføre, bruke og vedlikehalde anlegg og komponentar i tråd med beste praksis og beste kunnskap (NYTEK23 § 8). Dette skal gjerast med tilfredsstillande sikkerheit mot svikt som kan føre til fiskerømming.
-
Krav til rutinemessig notkontroll
Dette rettleiingsarket forklarer kva som ligg i kravet om at oppdrettsnøter skal kontrollerast regelmessig under drift (jf. akvakulturdriftsforskrifta § 37 fjerde ledd andre setning).
-
Notkontroller ved krevende forhold må vurderes nøye
Hva bør du tenke på om notkontrollen er utført under krevende forhold? I dette rettleiingsarket skal vi se på flere forhold som kan bidra inn i oppdretters vurdering av om det bør gjennomføres en ny notkontroll.