Krav til rutinemessig notkontroll
Dette rettleiingsarket forklarer kva som ligg i kravet om at oppdrettsnøter skal kontrollerast regelmessig under drift (jf. akvakulturdriftsforskrifta § 37 fjerde ledd andre setning).
Innhold
Inspeksjonsfrekvensen skal vere risikobasert
Krav til ettersyn er eitt av fleire punkt som må inngå i brukarhandboka til notposen, jf. NYTEK23 § 16 første ledd bokstav f (lovdata.no) (åpnes i ny fane), noko som normalt vil inkludere informasjon om minstekrav til frekvens mellom notkontrollar. Fiskeridirektoratet presiserer at oppdrettar sjølv må kartlegge aktuelle risikofaktorar og vurdere kva som vil vere forsvarleg frekvens for notkontroll på kvar enkelt lokalitet.
Oppdrettar kan altså ikkje berre stø seg til det generelle minstekravet i brukarhandboka, men må sjølv gjere ei risikobasert og lokalitetsspesifikk vurdering for å finne kva frekvensar for notkontroll som er eigna til å førebygge og hindre at fisk kan rømme frå det aktuelle anlegget.
Kontroll av andre komponentar i tillegg til nota
Anlegget skal til ei kvar tid vere i forsvarleg teknisk stand, slik at det ikkje er feil eller manglar ved anlegget som kan føre til rømming, jf. NYTEK23 § 43 første ledd (lovdata.no) (åpnes i ny fane). Dette gjeld både hovudkomponentar, ekstrautstyr og forankring. Blant desse kan det vere komponentar med krav til hyppigare inspeksjon enn kva nøtene har. Til dømes kan botnring med oppheng ha krav til månadleg kontroll.
I konvensjonelle merdar er det vanleg å kontrollere nøtene frå innsida. For å ettersjå utspilingssystem og andre komponentar som er lite tilgjengeleg for kontroll frå innsida av notposen, er det derimot berre frå utsida av nota det kan gjerast ein fullgod kontroll.
Ved innvendig kontroll kan det dessutan vere nødvendig å gjere mindre tilleggskontrollar av nota frå utsida. Behovet for utvendig kontroll kan til dømes gjere seg gjeldande i merdar der delar av nota er dekt av dødfiskoppsamlar eller andre komponentar.
Rutinekontroll ved arbeidsoperasjon
Dersom notkontroll før og etter arbeidsoperasjon (akvakulturdriftsforskrifta § 37a (lovdata.no) (åpnes i ny fane)) skal inngå som ein del av det rutinemessige ettersynet, må det sikrast at kontrollane har tilstrekkeleg omfang til å oppfylle krava til rutinemessig notkontroll. I notkontroll etter avslutta vaskeaktivitet (notspyling) vil det til dømes vere særleg aktuelt å sjå etter skadar og slitasje på sjølve notlinet og i overgangane mellom notlin og tau, men ein regelmessig notkontroll må i tillegg inkludere fleire andre kontrollpunkt.
Særlege risikomoment ved torskeoppdrett
Risikovurdering og rutinar knytt til notkontroll må vere tilpassa oppdrettsarten. Grunna ulik åtferd og tilhøyrande variasjon i rømmingsrisiko er det endå meir kritisk å oppdage småskadar og notslitasje på eit tidleg tidspunkt ved oppdrett av torsk enn ved oppdrett av laksefisk.
På nedsenka merdar er det vanleg med utvendig notkontroll. Torskeoppdrettarar må då vere særleg merksame på begynnande slitasje og lause trådar som torsken kan nappe i frå innsida, og at dette kan vere vanskeleg å avdekke gjennom utvendige notkontrollar.
Rutinar for å vurdere kontrollrutinane
Fiskeridirektoratet forventar at skadar som blir oppdaga under notkontroll er med i løpande vurderingar av om kontrollrutinane er eigna til å førebygge og avgrense rømming. For å kunne førebygge rømming må kontrollregimet vere tilpassa til å oppdage skadar og slitasje før det oppstår hol som er store nok til at fisken kan rømme.
Samanheng med andre regelverkskrav
Plikta til å kontrollere nøtene må sjåast i samanheng med kravet om at drifta skal vere teknisk, biologisk og miljømessig forsvarleg, og at det skal visast særleg aktsemd for å hindre at fisk rømmer (jf. akvakulturdriftsforskrifta §§ 5 første ledd og 37 første ledd). For å oppfylle desse pliktene må oppdrettaren gjennomføre risikovurderingar og setje i verk nødvendige tiltak med sikte på å minimalisere risikoen for rømming (jf. akvakulturdriftsforskrifta § 37 første og andre ledd og forskrift om IK-Akvakultur).
Krav til rutinemessig notkontroll må òg sjåast i samanheng med krav til å prosjektere, utføre, bruke og vedlikehalde anlegg og komponentar i tråd med beste praksis og beste kunnskap (NYTEK23 § 8). Dette skal gjerast med tilfredsstillande sikkerheit mot svikt som kan føre til fiskerømming.
Kontroll av andre typar innhegning enn not
Kravet i § 37 fjerde ledd, «Nøter skal kontrolleres før de tas i bruk, og regelmessig under driften», er ikkje endra etter det vart innført i 2009. I dag er ikkje lenger nøter den einaste typen fiskeoppdretts-innhegning, men framleis er det nøter som utgjer innhegninga i dei aller fleste merdane. Fiskeridirektoratet forventar at også dei som bruker andre typar innhegning enn not gjer nødvendige kontrollar for å minimere risikoen for rømming, både før det blir sett ut fisk i innhegninga og regelmessig under drift.
-
Notkontroll ved aktivitetar med rømmingsrisiko
Dette rettleiingsarket forklarer kva som ligg i kravet om å overvake og kontrollere produksjonseiningar før, under og etter aktivitetar med rømmingsrisiko (jf. akvakulturdriftsforskrifta § 37a andre ledd). Rettleiinga er avgrensa til kontroll og over...
-
Notkontroller ved krevende forhold må vurderes nøye
Hva bør du tenke på om notkontrollen er utført under krevende forhold? I dette rettleiingsarket skal vi se på flere forhold som kan bidra inn i oppdretters vurdering av om det bør gjennomføres en ny notkontroll.