Monteringsrettleiing for rømmingshol i snøkrabbeteiner
Her finn du krav og rettleiing for montering av rømmingshol i snøkrabbeteiner.
Krav til rømmingshol
Denne monteringsrettleiinga gjeld for alt fiske etter snøkrabbe med teiner. Alle teiner som blir brukte til fangst av snøkrabbe, skal ha rømmingshol som blir haldne lukka med bomullstråd.
Bomullstråden og monteringa av rømmingshol må oppfylle desse krava:
-
Bomullstråden skal ikkje vere tjukkare enn 5 mm i diameter.
-
Bomullstråden skal vere ubehandla og utan kjerne.
-
Bomullstråden skal festast slik at det alltid er tilstrekkeleg med eitt trådbrot for at rømmingsholet skal frigjerast.

Rømmingsholet skal vere plassert på sideflata av teina, med valfri høgd innanfor følgjande intervall:
-
Nedre kant av holet skal ikkje vere høgare enn 40 cm over botnramma, målt langs notveggen. Med nedre kant blir det meint avstanden mellom botnramma og maskeskjeringa.
-
Nedre kant av holet skal ikkje vere lågare enn 10 cm over botnramma, målt langs notveggen. Med nedre kant blir det meint avstanden mellom botnramma og maskeskjeringa.
Rømmingsholet skal vere stort nok til at ein sylinder med minimum 20 cm i diameter kan trekkjast gjennom det.
Generelle råd
Tau mellom hovudlina i teinelenka og festet til kvar enkelt teine vil vanlegvis vere festa til teina med ei hanefotløysing. Med omsyn til redusert press på rømmingsholet, blir det tilrådd at rømmingsholet blir montert på den sida av teina der presset frå fangsten i teina er minst.
-
Med tanke på haldbarheita til tråden, blir det tilrådd at monteringa blir utført så nært opp mot oppstarten av sesongen som mogleg, då mellom anna saltdrev kan føre til redusert styrke.
-
Det blir tilrådd at bomullstråden maksimalt har ein Rtex på 5000 g/1000 meter. Rtex er eit mål på trådens tettleik og blir målt av produsenten.
Type "koniske teiner"
Det blir lagt til grunn at teinetypen berre har eitt kammer.
Rømmingsholet skal lagast horisontalt, uavhengig av maskestorleik og masketype.
Ved montering blir rømmingsholet lukka med bomullstråd. Tråden kan berre vere festa i begge endar av holet, slik som vist på biletet under.


Andre teinetypar
Det finst inga spesifikk krav til utforming eller materiale som omkransar rammeverket på teina ved fiske etter snøkrabbe.
-
Dersom det blir brukt notlin som materiale i sideveggene på teina, gjeld dei same krava som for koniske teiner.
-
Dersom det blir brukt eit fast eller stivt materiale i sideveggene på teina, skal det likevel lagast ei løysing for rømmingshol der eitt enkelt trådbrot er tilstrekkeleg for at ei opning på minimum 20 cm i diameter blir frigjort. Nærare spesifikasjonar kan bli fastsette ved behov.