Monteringsrettleiing for rømmingshol i leppefiskteiner
Her finn du krav og rettleiing for montering av rømmingshol i leppefiskteiner og ruser.
Krav til rømmingshol
Alle teiner og ruser som blir brukte til fangst av leppefisk skal ha rømmingshol som blir haldne lukka med bomullstråd. Bomullstråden og monteringa av denne må oppfylle desse krava:
-
Bomullstråden skal ikkje vere tjukkare enn 3 mm i diameter.
-
Bomullstråden skal vere ubehandla og utan kjerne.
-
Bomullstråden skal berre festast enkelt, det vil seie at det skal vere nok at éin tråd ryk for at rømmingsholet skal opnast.
-
Monteringa skal gjerast slik at alt som er fanga i teina kan sleppe ut gjennom rømmingsholet når tråden ryk. Dersom teina har fleire oppbevaringskammer (soverom), skal kvart kammer ha eige rømmingshol.
Krav til montering i kasseteine med tømmeluke på sida
Figur 1: trådauge
Det blir laga eit trådauge av bomullstråd i ramma på tømmeluka, som låsekroken blir hekta i. Sjå figur 1.

Figur 2: kunstfibertau
Bomullstråden kan òg monterast mellom strikken og låsekroken. Sjå figur 2. Ved slik montering er det krav om at sjølve låsekroken blir festa med kunstfibertau til ramma på teina, slik at han ikkje flyt fritt i havet dersom tråden ryk. Kunstfibertauet skal vere langt nok til å gi ei opning på minst 15 cm når bomullstråden blir broten.
.jpg)
Figur 3: yttervegg av notlin
Dersom ein ikkje ønskjer å bruke tømmeluka som rømmingshol, eller i teiner utan tømmeluke på sida, men med ytterveggar av notlin, skal rømmingsholet monterast i oppbevaringskammeret.
Det blir då skore eit snitt i oppbevaringskammeret som blir lissa saman med bomullstråd. Sjå figur 3. Tråden skal berre knytast i endane, og dersom han ryk, skal rømmingsholet bli så stort at ein kan trekkje ein sylinder med minst 15 cm i diameter gjennom det. Det er ikkje krav til retning på snittet.

Figur 4: separat lukeløysing
Det er òg tillate å montere ei separat lukeløysing på sideflata av teina. Sjå figur 4. Luka skal haldast lukka med bomullstråd og vere hengsla i nedkant eller på sida. Rømmingsholet skal ha ein diameter på minimum 15 cm.

Krav til montering i andre type teiner
Runde teiner (sylindriske)
I runde (sylinderforma) teiner laga av plastbelagt metallnetting med tømmeluke på langsida, kan tømmeluka gjerast om til rømmingshol ved å montere bomullstråd i innfestinga til tømmeluka. Bomullstråden blir montert som eit hengsle, og skal berre vere enkel og knytast i endane. Sjå figur 5. Luka skal sikrast med tråd av kunstfiber for å hindre at ho flyt fritt i havet dersom bomullstråden blir broten.

I same type teine kan bomullstråden òg monterast mellom strikken og låsekroken. Sjå figur 6. Ved slik montering må teina balanserast med tilstrekkeleg vekt slik at tømmeluka ikkje hamnar på undersida av teina når ho blir plassert på botnen. Dersom låsekroken er av plast, må han sikrast med tråd av kunstfiber for å hindre at han flyt fritt i havet dersom bomullstråden blir broten.

I same type teine kan rømmingsholet òg monterast i kortenden av teina, slik at oppbevaringskammeret blir opna uavhengig av korleis teina ligg på havbotnen. Det blir då laga eit hol i kortsida, tilsvarande storleiken på tømmeluka. Opninga blir dekka av ei luke (til dømes ei utskoren luke eller ei separat lukeløysing som vist i figur 4). Luka blir deretter festa til teina med bomullstråd. Dersom det er fare for at luka vil flyte fritt i havet når bomullstråden ryk, må ho sikrast med til dømes ein tråd av kunstfiber.
Merk at ved montering av bomullstråd i alternativa som er nemnde ovanfor, klarer ein ikkje alltid å oppfylle kravet om at ein skal kunne trekkje ein sylinder med minimum 15 cm i diameter gjennom rømmingsholet. Dette kjem av at utforminga på tømmeluka hindrar det. For denne typen teiner vil likevel storleiken på rømmingsholet vere tilstrekkeleg til å sleppe ut fangsten.
Teiner av andre materiale
I teiner laga av andre materiale (plast, tre osv.) og der det ikkje er tømmeluke på sida, skal det lagast eit hol i sida på oppbevaringskammeret som er stort nok til at ein kan trekkje gjennom ein sylinder med ein diameter på minimum 15 cm. Opninga skal dekkjast av ei luke (til dømes ei utskoren luke eller ei separat lukeløysing som vist i figur 4).
Luka blir deretter festa til teina med bomullstråd. Dersom det er fare for at luka vil flyte fritt i havet når bomullstråden ryk, må ho sikrast med til dømes ein tråd av kunstfiber.
Krav til montering i ruser
I ruser blir det skore eit snitt i notlina i sida av oppbevaringskammeret, som deretter blir lissa saman med bomullstråd. Tråden skal berre knytast i endane, og dersom han ryk, skal rømmingsholet vere stort nok til at ein sylinder med minst 15 cm i diameter kan trekkjast gjennom.
Krav til kombinasjonsløysing for rømmingshol og gjenfinningseining
I staden for å sy igjen rømmingsholet med bomullstråd, er det tillate å montere ei sirkulær ramme i holet, med ein indre diameter på minimum 15 cm. Holet skal dekkjast med eit flyteelement med utløysemekanisme som er eigna til å markere posisjonen til teina med eit tau til teina. Flyteelementet skal vere merkt med eigarens namn, adresse og telefonnummer.
Ei slik løysing er berre tillate dersom flyteelementet blir utløyst før eller samtidig med nedbrytingstida for tillaten tjukkleik på bomullstråden.
-
Rømmingshol i teiner
Her finn du krav til rømmingshol i teiner ved fiske etter hummar, krabbe, sjøkreps og kongekrabbe – og rettleiing til montering.
-
Leppefisk for yrkesfiskarar
Her finn du det du treng å vite for å fiske leppefisk.
-
Leppefiske for fritidsfiskarar
Fritidsfiskarar må ha leveringsavtale for å kunne søkje om å drive fiske etter leppefisk.