Monteringsrettleiing for rømmingshol i hummar- og krabbeteiner – for yrkesfiskarar
Her finn du krav og rettleiing for montering av rømmingshol i hummar- og krabbeteiner ved fiske frå merkeregistrert fartøy i yrkesfiske.
Krav til rømmingshol
Bomullstråden og monteringa av rømmingshol må oppfylle desse krava:
- Bomullstråden skal ikkje vere tjukkare enn 4 mm i diameter.
- Bomullstråden skal vere ubehandla og utan kjerne.
- Bomullstråden skal festast slik at det er tilstrekkeleg med eit trådbrot før rømmingshol vert frigjort.

- I dei tilfelle der det er tillate å bruke tømmeluker som rømmingshol, er tillaten montering beskriven under kvar hovudtype av teiner.
- Rømmingsholet skal vere tilstrekkeleg stort til at det kan trekkast gjennom ein sylinder med minimum 15 cm i diameter. For rømmingshol i notlin, vel brukaren sjølv om det passar best å lage eit «rett hol» eller hol som «vinkel».
- Rømmingshol i kalvar (inngangar) kan berre lagast dersom kalven er laga av notlin.
- Det er ikkje tillate med montering av rømmingshol i botnen av teina. På ei teine med tønneform, er den tredjedelen av teina som har botnkontakt å rekne som botnen av teina.
Råd i forbindelse med montering
- Ved bruk av løysingar der frigjering av «festekrokar» er ein del av løysinga for rømmingsholet, anbefaler vi anordningar som også bidrar til at kroken ikkje vert mista ved trådbrot under pågåande fiske.
- Ved bruk av løysingar med plater som tettar rømmingshol vert det anbefalt å ha ei tilleggsløysing som gjer at sjølve plata ikkje forsvinn frå teina ved trådbrot under pågåande fiske.
Type "skotteteine"

- Dersom teina består av berre eit kammer, er det valfritt kva for ei av tømmelukene på sida eller kva for ei av sideflatene som vert brukte til rømmingshol.
- Dersom teina har «sovekammer», er det dette kammeret som skal ha rømmingshol.
- Dersom teina har fleire «sovekammer» skal desse ha rømmingshol.
Metode 1: rømmingshol på sideflata
Brukaren vel sjølv plassering og retning på holet som vert laga. Holet må vere tilstrekkeleg stort til at det kan trekkast gjennom ein sylinder med minimum 15 cm i diameter, slik at det er fri utgang.

Metode 2: rømmingshol med bomullstråd festa i strikk
Bomullstråden skal vere montert slik at festet som held luka på plass vert frigjort ved eit enkelt trådbrot. Dersom det vert laga ei festeløysing for å unngå tap av sjølve kroken ved brot i bomullstråd, skal luka uansett kunne opnast minst 15 cm.

Metode 3: rømmingshol med bomullstråd i feste til tømmeluke
Bomullstråden skal vere montert slik at festet som held luka på plass vert frigjort ved eit enkelt trådbrot.

Ytterlegare løysingar
I tillegg er det mogleg å velje mellom ytterlegare 2 løysingar. Dersom teina har meir enn eit kammer skal løysinga vere plassert i «sovekammer».
Metode 4: inngang/kalv laga av notlin
I teiner der inngangen/kalven er laga av notlin, kan kalven brukast til å lage rømmingshol dersom det er mogleg å lage eit hol som er tilstrekkeleg stort til at det kan trekkast gjennom ein sylinder på minimum 15 cm i diameter. Holet syast (lukkast) igjen med bomullstråd som berre er fest i endane, slik at holet vert frigjort ved enkelt trådbrot.
Metode 5: separat lukeløysing på sideflata
Det er tillate å montere ei separat lukeløysing på sideflate på teine, som vert halde lukka med bomullstråd i eit eller to festepunkt. Løysingen skal vere «hengsla» i nedre kant eller på ei av sidene. Det skal vere tilstrekkeleg med enkelt trådbrot i festepunktet/festepunkta for at luka skal frigjerast for opning. Opninga skal vere fri og må vere minimum 15 cm i diameter. Denne løysingen er i hovudsak retta mot produksjon av nye teiner, men er tillate å montere i brukte teiner.
Type "plastkasseteine"

Brukaren vel sjølv ei festeløysing for tømmeluka (lokk på toppen) som angitt på bilde ovanfor. Festeløysing av lokket skal inkludere bomullstråd på ein slik måte at enkelt trådbrot på bomullstråden medfører at feste for luka er frigjort. Ved brot på bomullstråden skal luka kunne opnast minimum 15 cm frå ramma, men det er ein fordel om den kan opnast heilt.
Metode 1: festekrok i lukestrikk
Ved bruk av denne løysninga skal krok festast til strikken på ein slik måte at det er tilstrekkeleg med eit enkelt trådbrot for at luka skal vere frigjort.

Metode 2: festekrok i lukestrikk
Ved bruk av denne løysninga skal krok festast til strikken på ein slik måte at det er tilstrekkeleg med eit enkelt trådbrot for at luka skal vere frigjort.

Metode 3: hempe av bomullstråd i lukestrikk
Bomullstråden skal vere montert slik at festet som held luka på plass frigjerast ved eit enkelt trådbrot.

Ytterlegare løysingar
I tillegg er det mogleg å velje mellom ytterlegare 2 løysingar.
Metode 4: inngang/kalv laga av notlin
I teiner der inngangen/ kalven er laga av notlin, kan kalven brukast til å lage rømmingshol dersom det er mogleg å lage eit hol som er tilstrekkeleg stort til at det kan trekkast gjennom ein sylinder på minimum 15 cm i diameter. Holet syast (lukkast) igjen med bomullstråd som berre er festa i endane slik at holet vert frigjort ved enkelt trådbrot.
Metode 5: separat lukeløysing på sideflata i teina
Det er tillate å montere ei separat lukeløysing på sideflata på teina. Luka vert halden lukka med bomullstråd i eit eller to festepunkt. Løysinga skal vere «hengsla» i nedre kant eller på sida og det skal vere tilstrekkeleg med enkelt trådbrot i festepunktet/festepunkta for at luka skal frigjerast for opning. Opninga på minimum 15 cm i diameter skal vere heilt fri. Denne løysingen er i hovudsak retta mot produksjon av nye teiner, men er tillate å montere i brukte teiner. I staden for hengsla luke vil det også vere tillate å dekke holet med ei plate som vert festa til teina med bomullstråd. I eit av festepunkta skal det brukast tråd av kunstfiber for å unngå at plata flyt fritt i havet.
Type "klappeteine"

Brukaren vel sjølv kvar i teina det skal lagast hol, men holet skal vere plassert slik at det kan trekkast gjennom ein sylinder med minimum 15 cm i diameter slik at det er fri utgang. Holet syast (lukkast) igjen med bomullstråd som berre er festa i endane slik at holet vert frigjort ved eit enkelt trådbrot.
Metode 1: rømmingshol i tak

Ytterlegare løysingar
I tillegg er det mogleg å velje mellom ytterlegare 2 løysingar
Metode 2: inngang/kalv laga av notlin
I teiner der inngangen/ kalven er laga av notlin, kan kalven brukast til å lage rømmingshol dersom det er mogleg å lage eit hol som er tilstrekkeleg stort til det kan trekkast gjennom ein sylinder på minimu 15 cm i diameter. Holet syast (lukkast) igjen med bomullstråd som berre er festa i begge endar, slik at holet vert frigjort ved enkelt trådbrot.
Metode 3: separat lukeløysing på sideflata i teina
Det er tillate å montere ei separat lukeløysing på sideflata eller taket på teina. Luka vert halden lukka med bomullstråd i eit eller to festepunkt. Løysingen skal vere «hengsla» i nedre kant eller på sida og det skal vere tilstrekkeleg med enkelt trådbrot i festepunktet/festepunkta for at luka skal frigjerast for opning. Opninga på minimum 15 cm i diameter skal vere heilt fri. Denne løysingen er i hovudsak retta mot produksjon av nye teiner, men er tillate å montere i brukte teiner.
Type "treteine"

Krabbeteine laga av trematerialar. Dette er den teinetypen som det finns flest ulike utgåver av. Det inkluderer også anordningar for tømmeluke.
Tillatne løysingar er baserte på at teina har eit kammer. Dersom det er laga sovekammer, skal rømmingshol dekke dette kammeret.
Metode 1: inngang/kalv laga av notlin
I teiner der inngangen/ kalven er laga av notlin, kan kalven brukast til å lage rømmingshol dersom det er mogleg å lage eit hol som er tilstrekkeleg stort til at det kan trekkast gjennom ein sylinder på minimum 15 cm i diameter. Holet syast (lukkast) igjen med bomullstråd som berre er festa i endane slik at holet vert frigjort ved eit enkelt trådbrot.
Metode 2: tømmeluke som rømmingshol
Tømmeluke kan brukast som rømmingshol. For at denne typen løysning skal vere godkjent må det lagast ei festeordning for luka som inkluderer bruk av bomullstråd. Løysninga må vere slik at det er tilstrekkeleg med eit enkelt trådbrot for at luka ikkje lenger vert halden fast i lukka posisjon.
Metode 3: separat lukeløysing på sideflata i teina
Det er tillate å montere ei separat lukeløysing på sideflata på teina. Luka vert halden lukka med bomullstråd i eit eller to festepunkt. Løisinga skal vere «hengsla» i nedre kant eller på sida, og det skal vere tilstrekkeleg med enkelt trådbrot i festepunktet/festepunkta for at luka skal vere frigjort for opning. Opninga på minimum 15 cm i diameter skal vere heilt fri. Denne løysinga er i hovudsak retta mot produksjon av nye teiner, men er tillate å montere i brukte teiner. I staden for hengsla luke vil det også vere tillate å dekke holet med ei plate som vert festa til teina med bomullstråd. I eit av festepunkta skal det brukast tråd av kunstfiber for å unngå at plata flyt fritt i havet.
Andre teinetyper
For andre typar teiner, eller teiner laga av anna materiale enn det som er angitt ovanfor, kan følgjande løysingar brukast.
Metode 1: inngang/kalv laga av notlin
I teiner der inngangen/kalven er laga av notlin, kan kalven brukast til å lage rømmingshol dersom det er mogleg å lage eit hol som er tilstrekkeleg stort til det kan trekkast gjennom ein sylinder på min. 15 cm i diameter. Holet syast (lukkast) igjen med bomullstråd som berre er festa i begge endar slik at holet vert frigjort ved enkelt trådbrot.
Metode 2: separat lukeløysing på sideflata på teina
Det er tillate å montere ei separat lukeløysing på sideflata på teina. Luka vert halden lukka med bomullstråd i eit eller to festepunkt. Løysinga skal vere «hengsla» i nedre kant eller på sida og det skal vere tilstrekkeleg med eit enkelt trådbrot i festepunktet/festepunkta for at luka skal vere frigjort for opning. Opninga skal vere fri og må vere minimum 15 cm i diameter. Denne løysinga er i hovudsak retta mot produksjon av nye teiner, men er tillate å montere i brukte teiner. I staden for hengsla luke vil det også vere tillate å dekke holet med ei plate som er festa til teina med bomullstråd. I eit av festepunkta skal det brukast tråd av kunstfiber for å unngå at plata flyt fritt i havet.
Teiner der rammeverket er laga av tre
For teiner der rammeverket er laga tre vil i tillegg følgjande løysning vere tillate.
Metode 1: sepearat lukeløysing på tak eller lokk
Det er tillate å montere ei separat lukeløysing på tak eller lokk på toppen av teina. Løysinga skal vere «hengsla» på den eine sida. Luka vert halden lukka med bomullstråd i eit eller to festepunkt. Det skal vere tilstrekkeleg med enkelt trådbrot i festepunktet/ festepunkta, for at luka skal frigjerast for opning. Opninga på minimum 15 cm i diameter skal vere fri og plassert slik at den er ein naturleg utgang for fangsten.
Rømmingshol i kombinasjon med gjenfinningsløysingar
Rømmingshol i kombinasjon med flytbare gjenfinningsløysingar er tillatne.
For at ei slik løysing skal vere tillaten må det lagast eit hol i sideveggen på teina med ei fast opning på minimum 15 cm i diameter. Holet skal lukkast med ei flytbar gjenfinningsløysing som vert halden lukka (låst) med bomullstråd på ein måte slik at eit enkelt trådbrot er tilstrekkeleg for at holet opnast med fri utgang.
-
Monteringsrettleiing for rømmingshol i hummar- og krabbeteiner – for fritidsfiskarar
Her finn du krav og rettleiing for montering av rømmingshol i hummar- og krabbeteiner for fritidsfiskarar og turistfiske utan merkeregistrert fartøy.
-
Monteringsrettleiing for rømmingshol i kongekrabbeteiner
Her finn du krav og rettleiing for montering av rømmingshol i kongekrabbeteiner.
-
Rømmingshol i teiner
Her finn du krav til rømmingshol i teiner ved fiske etter hummar, krabbe, sjøkreps og kongekrabbe – og rettleiing til montering.