Reiskap

Oppdatert: 21.06.2017

Som fritidsfiskar kan du bruke:

  • handsnøre, fiskestong og liknande handhaldne reiskapar
  • éi maskindriven jukse eller dorg
  • garn med samla lengde inntil 210 meter. Fiskar du etter torsk, kan samla garnlengde berre vere inntil 165 meter
  • liner med inntil 300 anglar
  • inntil 20 teiner eller ruser til saman - per person og per fartøy

Reiskapsavgrensingane

Reglane gjeld for alt fiske frå land, eller frå båt som ikkje er registrert i Fiskeridirektoratets fartøyregister:

  • Det kan ikkje brukast flere reiskapar enn angitt uansett om de er fleire personar i båten eller om du har fleire båtar. Reglane gjeld per person og per båt.
  • I fisket etter makrell kan ikkje den maskindrivne dorgen ha meir enn 10 anglar.
  • Det gjeld særskilte reglar for teinerruser og garn.
  • Du må ikkje la reiskapar, fortøyingar og andre gjenstandar stå igjen i sjøen eller på botnen utan grunn.
  • Det er forbode å fiske nærmare enn 100 meter frå oppdrettsanlegg.
  • Det er ikkje tillate å bruke levande dyr eller fisk som agn.
  • Det kan gjelde særskilte lokale avgrensingar, som for torskefisket i Lofoten eller lysfisket i Skagerrak. Kontakt Fiskeridirektoratets regionar dersom du er usikker.

Ansvar for andres reiskapar

Dersom du kjem til eit område der reiskap er sett ut, pliktar du å gjere deg kjent med kvar reiskapen står.

Du må ikkje manøvrere eller plassere båten slik at du skadar reiskap, eller slik at du hindrar andre sine moglegheiter for fangst.

Dersom du skadar andres reiskap, som er sett i sjøen for fangst, må du erstatte skaden. Dette gjeld også tap av fangst og tap som følge av avbrot i fisket.

Film om lovlege reiskapar i fritidsfiske