Pukkellaks

Pukkellaksen er ein uønskt art i Noreg. Her er det du treng å vite ved fangst av pukkellaks.

Korleis skil du pukkellaks frå annan laksefisk?

Kjenneteikn for å skilje pukkellaks frå våre laksefisk er mørke flekkar på halefinna, svart tunge og kraftig raudfarge i kjøtet.

Reglar ved fangst av pukkellaks i sjø

Reglar ved fangst av pukkellaks i vassdrag

  • Pukkellaks kan i utgangspunktet berre fangast med stong eller snøre i den perioden det er opna for fiske etter anadrom laksefisk i vassdraget, sjå forskrift om fiske etter anadrome laksefisk i vassdrag paragraf 2 (lovdata.no).

  • Det kan sendast søknad til Statsforvaltaren om å fangste pukkellaks med andre reiskapar. Grunneigarlag eller foreiningar som forpaktar fiskeretten, bør stå bak søknaden. Søknad skal sendast til den respektive statsforvaltaren.

  • Fangsten skal rapporterast som annan anadrom laksefisk i vassdraget.

  • All pukkellaks skal avlivast, han skal ikkje setjast ut att. Dette gjeld òg dersom du elles driv med fang-og-slepp-fiske.

Sal av pukkellaks

Råfisklaget har opna for å bruke salssystema sine både ved fiske og mottak av pukkellaks. Du må fyrst vere registrert hos Noregs Råfisklag med personopplysningar og kontonummer.

Hugs å avtale levering med fiskekjøpar før du startar å fiske.