Sjøkreps
Du kan fangste sjøkreps heile året. Les om reglane for reiskap, minstemål og sal av sjøkreps.
Minstemål og djupn
Minstemål for sjøkreps er 13 cm i heile landet.
Sjøkreps skal målast fra spissen av pannehornet til den bakre kant av midtre svømmelapp.
Det er ingen djupneavgrensing ved fangst av sjøkreps.
Reiskap for fangst av sjøkreps
Du kan bruke inntil 20 teiner per person og per fartøy. Det betyr at dersom fleire personar fiskar frå same båt, eller dersom éin person fiskar med fleire båtar, kan du uansett ikkje bruke meir enn 20 teiner.
Det er innført krav til rømmingshol i teiner for fangst av sjøkreps.
Reiskapsavgrensingar i fredningsområda
I nokre av hummarreservata er det avgrensa tilgang til bruk av reiskap som også gjeld for fangst av sjøkreps. Presiseringar om kva for reiskap som er tillate kvar finn du på sida om fredingsområde for hummar.
Sal av sjøkreps
Du kan ikkje fritt selje sjøkreps. All omsetjing av fisk og skaldyr skal skje gjennom eit salslag eller ein godkjent kjøpar. Ein person eller eit føretak kan ikkje omsetje fangst for meir enn 50 000 kroner per kalenderår.
Er sjømaten trygg?
Oversikt over hamner, fjordar og innsjøar med forureinsing (mattilsynet.no).
Mattilsynet åtvarar om å avgrense, eller ikkje ete visse typar sjømat frå desse områda. Under kvar stad finn du meir detaljert informasjon om området det gjeld og kva type fisk og sjømat det vert årtvara mot å ete.
Forskrifter
-
Freda og delvis freda artar
Nokre artar er totalfreda, mens andre artar er delvis freda. Her finn du oversikt over dei ulike artane.
-
Last ned Fritidsfiskeappen
Skal du ut å fiske? Les om reglar for artar, reiskap og ferdsel på sjøen. Meld tapt reiskap og ver med å minske spøkelsesfiske og marin forsøpling.