Fredingstider og fredingsområde for hummar
Her finn du fredingstidene for hummar og oversikt over fredingsområde der det gjeld eigne reglar for fiske.
Fredingstider for hummar
Hummar med utvendig rogn er freda heile året.
Hummarfiskesesongen startar 1. oktober klokka 08:00 i heile landet.
Frå svenskegrensa til og med Vestland kan du fangste til og med
30. november.
I resten av landet kan du fangste til og med 31. desember.
Frå og med 1. januar til 1. oktober klokka 08:00 er det forbode å oppbevare hummar i sjøen. Det er rapporteringsplikt for hummar som vert oppbevart i sjøen i desember.
Helgedagsfredinga blei oppheva i 2017
Det er lov å setje og dra teiner på søndagar, også langs kyststrekninga frå svenskegrensa til og med Agder.
Reiskapsavgrensingar i fredingsområda for hummar
I hummerreservata er det fleire avgrensingar i bruk av reiskap, og desse avgrensingane er litt ulike i dei forskjellige områda.
- Frå svenskegrensa til og med Austevoll: Det er forbode å fiske med andre reiskap enn handsnøre, fiskestong, juksa, dorg eller snurpenot.
- Indre Hardanger: Det er forbode å fiske med teinar og ruser langs heile sjølinja innafor frednigsområda, ned til 50 meters djup rekna frå lågaste vasstand.
- Sognefjorden: Det er forbode å fiske med andre reiskap enn handsnøre, fiskestong, juksa, dorg eller snurpenot langs heile sjølinja innafor frednigsområda, ned til 50 meters djup rekna frå lågaste vasstand.
- Lustrafjorden, Aurlandsfjorden, Sogndalsfjorden: Det er forbode å fiske med hummarteiner langs heile sjølinja innafor frednigsområda, ned til 50 meters djup rekna frå lågaste vasstand.
Fredingsområda i kart
Du kan zoome inn og ut av kartet for å sjå dei ulike fredingsområda og bevaringssonene. De gule feltene er på høring, de røde er regulert av forskrift.
Fredingsområder i forskrift
I forskrifta om fredingsområder for hummar (lovdata.no) (åpnes i ny fane) får du oversikt over områda med oppgitt posisjon i grader, minutt og desimalsekund.