Veiledning for innføring av ERS og VMS
Her finn du det du treng for å registrere kjenningssignal, installere ERS og VMS.
Kystfiskeappen vert lagt ned og erstatta av ERS og VMS
Frå 1. januar 2026 skal alle fiskefartøy frå og med 8 meter følgje krav om elektronisk rapportering av fangst-, aktivitets- og posisjonsrapportering (ERS og VMS).
I tillegg skal dei som tidlegare nytta Kystfiskeappen no bruke ERS og VMS, uavhengig av fartøystørrelse.
Kven gjeld dei nye krava for?
Krava gjeld for alle norske fiske- og fangstfartøy frå og med 8 meter største lengde, uavhengig av kvar dei oppheld seg.
Krava gjeld også for fartøy uavhengig av størrelse som
- oppheld seg i farvatn utanfor nokon stats jurisdiksjon
- utfører haustingsaktivitet i britisk sone
- er gjeve dispensasjon etter landingsforskrifta § 5 sjette ledd, § 5a fyste ledd, eller § 8 fjerde ledd (lovdata.no)
- har dispensasjon frå ein salsorganisasjon til å drive kaisal
- driver fangst av kongekrabbe
- driver fangst av skjell
- utfører haustingsaktivitet i fiskevernsona ved Svalbard
- deltar i samfiske
- deltar i kvotesamarbeid
- driver fiske etter leppefisk
- haustar tare
- driver trålfiske etter reker utan reketråltillatelse i område utanfor 12 nautiske mil frå grunnlinjene
- driver trålfiske etter reker utan reketråltillatelse, utanfor 4 nautiske mil frå grunnlinjene i Skagerrak, avgrensa mot vest av ein rett linje gjennom Lindesnes fyr og Hanstholm fyr og mot sør av ein rett linje gjennom Skagen fyr og Tistlarna fyr
- har tråltillatelse gitt i medhald av konsesjonsforskrifta (lovdata.no)
Tre ting du må gjere for å vere klar til fiske 1. januar 2026
1. Du må kontrollere at fartøyet ditt har kjenningssignal (radiokallesignal)
- Kjenningssignalet må vere registrert i Fiskeridirektoratets fartøyregister før du kan aktivere rapporteringsutstyret.
- Sjekk om fartøyet ditt er registrert med kjenningssignal (radiokallesignal) i Fartøyregisteret.
- Dersom fartøyet ditt manglar kjenningssignal må du skaffe dette frå Sjøfartsdirektoratet ved registrering av fartøyet i Skipsregisteret (sdir.no). Alternativt kan du få kjenningssignal gjennom registrering av fartøyet sitt radioutstyr hos Telenor Kystradio (kystradio.no).
- Deretter melder du inn kjenningssignal til Fiskeridirektoratet.
Vi oppmodar om at dette vert gjort så snart du kan, då saksbehandlinga med etterregistrering av kjenningssignal kan ta nok tid.
2. Du må velje ein leverandør for posisjonsrapportering (VMS)
- Du må sjølv bestille og aktivere abonnement for VMS.
- Leverandøren for VMS må vere godkjent. Sjå oversikt over godkjente VMS-leverandørar.
- Du må sjølv bestille utstyret og få ein godkjend installatør til å installere det. Sjå oversikt over godkjende VMS-installasjonsfirma.
- Kontroller at VMS er stadfesta aktivert av Fiskeridirektoratet og at direktoratet mottar posisjonsmeldingar.
3. Du må velje ein leverandør for rapportering av haustingaktivitet (ERS)
- Du må sjølv bestille og aktivere abonnement for ERS, sjå oversikt over ERS-leverandørar.
- Manglar du nødvendig utstyr, må du også bestille dette.
- For ERS, treng du ikkje ein godkjend installatør, men du må teste om det fungerar før du kastar loss.
- Send minst to elektroniske testmeldingar for ERS, og kontroller at du mottek returmelding (ACK) frå Fiskeridirektoratet som stadfestar godkjenning.
Ofte stilte spørsmål
Kva meldingar skal sendast?
Fartøyeigar og ansvarshavande om bord må sørge for at nødvendig utstyr er installert og aktivert, og gjere seg kjend med kva meldingar og tidsfristar som gjeld. For fartøy under 11 meter gjeld det i hovudsak krav om å sende melding om hamneanløp (POR-melding).
I ERS-forskrifta, paragraf 13 (lovdata.no) kan du sjå kva POR-meldinga skal innehalde, og kva tidsfristar som gjeld.
Krav om rapportering av haustingsaktivitet gjeld for alle fartøy som er omfatta av ERS-forskrifta. Dette inneber at dersom fartøyet er omfatta av forskrifta, skal all haustingsaktivitet rapporterast gjennom heile kalenderåret. Krav om VMS inneber at fartøyet skal sende posisjonsmelding kvar dag gjennom heile kalenderåret.
Gjer deg kjend med nettsida og ERS-forskrifta
Oversikt og forklaringar om rapporteringskrava finn du på Fiskeridirektoratet si heimeside.
Fiskeridirektoratet kan ikkje gje råd om kva leverandør du bør velje, og oppmodar deg om å undersøkje dei ulike alternativa.
Sjå Rapportering på havet for meir informasjon.
Tilskot
Nærings- og fiskeridepartementet (NFD) har etablert ein ordning med tilskot til rapporteringsutstyr for fiskeflåten (garantikassen.no).
-
Posisjonsrapportering (VMS)
Her finner du det du trenger å vite om posisjonsrapportering. Systemet kalles VMS (Vessel Monitoring System), og brukes sammen med elektronisk fangstdagbok.
-
Oversikt over VMS-installatørar
Her finner du oversikt over autoriserte VMS-installatører. Listen viser navn på firma og installatør, og hva slags autorisasjon installatøren har.
-
Oversikt over ERS-leverandørar
Her finner du hvilke elektroniske rapporteringssystem som er godkjent for å rapportere fangst og fiske.