Rettleiing for innføring av VMS
Her finn du det du treng for å registrere kjenningssignal og for å installere og aktivere VMS.
Nytt krav om posisjonsrapportering (VMS)
Frå og med 1. april 2027 skal alle fiske- og fangstfartøy, uavhengig av størrelse, følgje krav om posisjonsrapportering (VMS). Fartøyet kan ikkje nyttast etter 1. april 2027 utan fungerande utstyr for posisjonsrapportering.
Krava gjeld alle fartøy med fiskerimerke, uavhengig av størrelse. Også andre fartøy som blir brukte i fiske eller fangst i næring, kan vere omfatta. Krav om VMS gjeld ikkje deg som berre driv fritidsfiske til eigen hushaldning med eigen privat båt.
Tre ting du må gjere for å framleis kunne bruke fiskefartøyet ditt etter 1. april 2027
1. Du må kontrollere at fartøyet ditt har kjenningssignal (radiokallesignal)
Kjenningssignalet må vere registrert i fartøyregisteret til Fiskeridirektoratet før du kan aktivere rapporteringsutstyret. Sjekk om fartøyet ditt er registrert med kjenningssignal i Fartøyregisteret.
Dersom fartøyet ditt mangler kjenningssignal, må du skaffe dette frå Sjøfartsdirektoratet ved registrering av fartøyet i Skipsregisteret (sdir.no) (åpnes i ny fane). Alternativt kan du få kjenningssignal gjennom registrering av fartøyet sitt radioutstyr:
- radiolisens for yrkesfartøy (sdir.no) (åpnes i ny fane)
- radiolisens for fritidsfartøy (sdir.no) (åpnes i ny fane)
Kjenningssignalet vert knytt til fartøyet, og kan ikkje seinare overførast til andre fartøy.
Deretter melder du inn kjenningssignal til Fiskeridirektoratet.
Vi oppmodar deg til å gjere dette så snart som mogleg, då saksbehandlinga med etterregistrering av kjenningssignal kan ta noko tid.
2. Du må velje ein leverandør for posisjonsrapportering (VMS)
- Du må sjølv bestille og aktivere abonnement for VMS.
- Leverandøren for VMS må vere godkjend. Sjå oversikt over godkjende VMS-leverandørar.
- Du må sjølv bestille utstyret og få ein godkjend installatør til å installere det. Sjå oversikt over godkjende VMS-installasjonsfirma.
-
Kontroller at VMS er registrert hos Fiskeridirektoratet. Du finn datoen for registreringa på Min side | Fiskeridirektoratet under «Opplysningar».
-
Kontakt FMC dersom du treng hjelp eller har spørsmål, telefon 55 23 83 36.
3. Sjekk om du også treng elektronisk fangstdagbok (ERS)
Alle fiske- og fangstfartøy frå og med 8 meter skal følgje krav om elektronisk rapportering av haustingsaktivitet (ERS).
Nokre fartøy under 8 meter har i tillegg krav om ERS, sjå Elektronisk rapportering for fiskefartøy (ERS) for kven dette gjeld.
Tilskot til rapporteringsutstyr
Nærings- og fiskeridepartementet (NFD) har etablert ei ordning med tilskot til rapporteringsutstyr for fiskeflåten (garantikassen.no) (åpnes i ny fane).