Fiskeridirektoratets strategi for kystnær akvakultur og havbruk til havs
Strategien for 2026–2030 viser korleis Fiskeridirektoratet skal bidra til ei berekraftig, heilskapleg og framtidsretta utvikling av norsk havbruk.
Føremål
Fiskeridirektoratet skal leggje til rette for at det blir skapt verdiar frå havet – også for kommande generasjonar. Gjennom kunnskapsbasert forvaltning skal vi bidra til berekraftig matproduksjon, lønsame arbeidsplassar og levande kystsamfunn.
Havbruk er ei av dei viktigaste framtidsnæringane i Noreg, og næringa skal utviklast innanfor tolegrensene til naturen og i samspel med andre interesser i kyst- og havområda.
Denne strategien beskriv korleis Fiskeridirektoratet skal bidra til utviklinga gjennom heilskapleg forvaltning, godt samarbeid, målretta bruk av teknologi og data og verdiskaping innanfor berekraftige rammer.
Målbilde 2030
I 2030 blir havbruksforvaltninga opplevd som heilskapleg, kunnskapsbasert og føreseieleg.
Myndigheitene samarbeider effektivt på tvers av sektorar, avgjerdene byggjer på ei felles forståing av behova i forvaltninga og næringa, og digitale løysingar gjer samarbeidet enklare for alle partar. Teknologi og data blir brukte aktivt til å forbetre regelverk, tilsyn og avgjerder.
Fiskeridirektoratet bidreg til at norsk havbruk framleis er verdsleiande innan berekraftig sjømatproduksjon, innovasjon og verdiskaping.
Fire strategiske satsingar
1. Heilskapleg forvaltning
Vi skal bidra til å utvikle ei forvaltning som ser heile livsløpet til ein lokalitet i samanheng – frå arealplanlegging og lokalitetsklarering til driftsfase og avslutning av verksemda.
Forvaltninga skal byggje på eit felles kunnskapsgrunnlag, tydelege roller og effektive arbeidsprosessar. Vi skal arbeide for at ulike verkemiddel dreg i same retning, og at avgjerdene blir meir føreseielege for både næringa og samfunnet.
Systematiske områdevurderingar skal styrkje kunnskapsgrunnlaget og bidra til betre avvegingar mellom næringsutvikling, miljø og annan bruk av kyst- og havområda.
2. Samhandling
Vi skal vere ein aktiv og samlande samarbeidspartnar for andre styresmakter, næringa og kunnskapsmiljøa.
God samhandling føreset felles mål, tydelege ansvarsforhold og gjensidig forståing av kvarandre sine roller. Vi skal bidra til betre koordinering av regelverk, tenester, rapportering og tilsyn der dette gir meirverdi.
Gjennom langsiktige samarbeidsarenaer og open dialog skal vi styrkje tilliten til havbruksforvaltninga.
3. Teknologi og data
Vi skal bruke teknologi og data som strategiske verkemiddel for betre forvaltning.
Digitalisering skal gjere det enklare å etterleve regelverket, redusere unødvendig ressursbruk og gi betre avgjerdsgrunnlag. Vi skal utvikle digitale løysingar som byggjer på gjenbruk av data, opne standardar og sikker deling av informasjon.
Vi skal møte innovasjon og ny teknologi i næringa med fagkompetanse og eit regelverk som legg til rette for nye løysingar, samtidig som miljø, tryggleik og biologiske omsyn blir tekne vare på.
4. Verdiskaping og berekraft
Vi skal bidra til ei havbruksnæring som utviklar seg innanfor tolegrensene til naturen og skaper varige verdiar for samfunnet.
Berekraft handlar om å balansere miljø, biosikkerheit, næringsutvikling og samfunnsøkonomi. Gjennom samhandling og tydelege rammer skal vi bidra til konkurransekraft og langsiktig verdiskaping i heile kyst-Noreg.
Strategiske prioriteringar
I strategiperioden skal Fiskeridirektoratet prioritere å:
- styrkje den heilskaplege forvaltninga gjennom tydelegare roller og meir samanhengande arbeidsprosessar
- vere ei tydeleg fagmyndigheit og ein aktiv samarbeidspartnar
- utvikle samhandlinga med andre myndigheiter og næringa
- utvikle digitale løysingar som forenklar og effektiviserer forvaltninga
- styrkje informasjonsforvaltning, datadeling og analyseverktøy
- bidra til eit betre kunnskapsgrunnlag for arealplanlegging og lokalitetsforvaltning
- utvikle regelverk og verkemiddel som fremjar både berekraft og verdiskaping
- byggje endå betre kompetanse om ny teknologi og framtidas havbruk
- bruke erfaringar frå tilsyn og forvaltning til kontinuerleg forbetring
Strategien vart vedteken 17. august 2026.
-
Korleis vert akvakulturnæringa forvalta?
Fiskeridirektoratet skal legge til rette for akvakulturnæringa, men må også arbeide for at utviklinga ikkje går ut over andre interesser og miljøet.
-
Akvakultur
Akvakultur er produksjon av akvatiske organismer i sjø og på land. Finn informasjon om regelverk, tillatelser, rømming, miljøundersøkelser og andre temaer.