Samfunnsoppdrag
Fiskeridirektoratet skal fremje verdiskapande næringsaktivitet gjennom berekraftig forvalting av marine ressursar og marint miljø.
Vi er rådgjevande organ for myndigheitene og utøvende organ innan fiskeri- og havbruksforvalting i Noreg. Direktoratet er underlagt Nærings- og fiskeridepartementet.
Fiskeridirektoratet skal fremje verdiskapande næringsaktivitet gjennom berekraftig forvalting av marine ressursar og marint miljø.
Fiskeridirektoratets myndigheit og ansvar er fastsett i hovudinstruks frå Nærings- og fiskeridepartementet.
Slik løyser vi samfunnsoppdraget
Fiskeridirektoratet gir råd til departementet om korleis fiskeri- og akvakulturnæringa bør forvaltast, og kontrollerer at lover og reglar blir følgde.
Sjølv om forvaltinga kan instruerast av politisk leiing, er forvaltninga fagleg uavhengig, byggjer sine råd på kunnskap vunne gjennom erfaring eller forskning og gir råd til politisk leiing basert på beste faglege skjønn. Forvaltninga legg fram ulike alternativ, grunngjev desse og illustrerer konsekvensane av dei ulike alternativa.