Innsyn
Alle kan be om innsyn i dokumenta til Fiskeridirektoratet. Mykje informasjon er allereie offentleg tilgjengeleg.
Start med å søkje i offentleg journal eller sjå om informasjonen finst på nettsidene våre. Finn du ikkje det du leitar etter, kan du be oss om innsyn.
Dokument i offentleg journal
I offentleg journal finn du journalførte dokument til og frå Fiskeridirektoratet. Du kan søkje etter saker og dokument og be om innsyn i dokumenta du ønskjer tilgang til.
Finn informasjon på nettsidene våre
Vel eit område for å sjå kvar du kan leite.
Akvakultursøknader
Sjå innsende akvakultursøknader og opplysningar om søkjar, lokalitet, status og behandling.
Vedtak i klagesaker
Finn publiserte klagevedtak etter akvakulturlova, deltakarlova, havressurslova og fiskarpensjonslova.
Fartøy, løyve og verksemder
Finn opplysningar om mellom anna fartøy, fiskarar, fiskeløyve, akvakulturløyve og verksemder i registera våre.
Statistikk, analyse og data
Finn statistikk, analysar, kartdata og opne data om fiskeri og akvakultur.
Høyringar
Finn pågåande og avslutta høyringar, høyringsdokument og høyringssvar.
Be om innsyn
Søk først etter dokumentet i eInnsyn. Finn du det, kan du sende innsynskravet til oss derfrå.
Finn du ikkje det du leitar etter, kan du sende eit innsynskrav direkte til oss.
Oppgi så langt det er mogleg:
- kva saka eller temaet gjeld, og kva tidsperiode kravet gjeld
- kva dokument du ønskjer, til dømes vedtak, brev, e-postar eller rapportar
- kva verksemder, fartøy eller lokalitetar det gjeld
- saksnummer, dokumenttittel eller journalpostnummer, dersom du kjenner det
Du treng ikkje oppgi kvifor du ønskjer innsyn.
Send innsynskravet til postmottak@fiskeridir.no
Vi behandlar innsynskravet så raskt som mogleg og kontaktar deg dersom vi treng fleire opplysningar. Dersom eit dokument inneheld opplysningar som ikkje kan offentleggjerast, kan du få delvis innsyn eller avslag. Ved avslag får du ei grunngiving og informasjon om korleis du kan klage.