Anskaffingsstrategi

Anskaffingsstrategien gjeld for alt anskaffingsarbeid som blir gjennomført i Fiskeridirektoratet, både på tvers av einingar og avdelingar og i alle fasane av anskaffingsprosessen.

Anskaffingsstrategi 2026-2030

Anskaffingar er, og skal vere, eit strategisk viktig område for Fiskeridirektoratet. Anskaffingane skal bidra til å sikre at Fiskeridirektoratet når dei fastsette måla. I enkelte tilfelle er det ein direkte samanheng mellom kvaliteten på anskaffingane som blir gjennomførte, og kvaliteten på tenestene direktoratet leverer. Dette viser kor viktig det er å gjennomføre gode og grundige anskaffingsprosessar.

Les anskaffingsstrategien til Fiskeridirektoratet for 2026-2030 (pdf, 342.1 kB) (åpnes i ny fane).