Høyring om fredingsområde for hummar i Tvedestrand

Etter ønske frå Tvedestrand kommune har vi sendt på høyring forslag til fredingsområde for hummar i Tvedestrandsfjorden og utanfor Askerøya i Tvedestrand kommune.

Tvedestrand kommune har bedd Fiskeridirektoratet opprette lokale hummarfredingsområde utanfor Askerøya (figur 1) og i Tvedestrandsfjorden (figur 2).

Desse områda har tidlegare har vore regulerte gjennom forskrift om bevaringssoner i sjøområda til Tvedestrand kommune i Agder.

Verketida for denne forskrifta er gått ut. Forskrifta gav fiskeforbod i dei nemnde områda.

Kart over fredningsområde for hummer ved Askerøya i Tvedestrand
Figur 1 – Dagens midlertidige og foreslåtte hummerfredningsområde ved Askerøya i Tvedestrand kommune.

 

Kart over fredningsområde for hummer i Tvedestrandsfjorden.
Figur 2 – Dagens mellombelse og foreslåtte hummarfredingsområde i Tvedestrandsfjorden.

 

Meir om hummarfredingsområde og fredingsområda i kart finn du på Fiskeridirektoratet sine nettsider..

Høyringsfrist: 15. august 2026

Send høyringsinnspel til postmottak@fiskeridir.no

Les meir:

Fredingsområde for hummar i Tvedestrand

Publisert: