Monteringsrettleiing for rømmingshol i sjøkrepsteiner – for fritidsfiskarar

Her finn du krav og rettleiing for montering av rømmingshol i sjøkrepsteiner for fritidsfiskarar.

Krav til rømmingshol

Alle teiner som blir brukte til fangst av sjøkreps, skal ha rømmingshol som blir haldne lukka av bomullstråd.

Bomullstråden og monteringa av denne må oppfylle desse krava:

  • Bomullstråden skal ikkje vere tjukkare enn 3 mm i diameter.

  • Bomullstråden skal vere ubehandla og utan kjerne.

  • Bomullstråden skal festast enkelt, det vil seie at det skal vere tilstrekkeleg at éin tråd ryk for at rømmingsholet opnar seg.

  • Monteringa skal gjerast slik at alt som er fanga i teina kan kome seg ut gjennom rømmingsholet når tråden ryk. Har teina fleire sovekammer, skal kvart av desse ha eige rømmingshol.

  • Når tråden ryk, skal opninga i rømmingsholet vere så stor at ein sylinder med minst 10 cm i diameter kan førast gjennom.

Krav til montering i teiner med fast ramme og notlin

For teiner med tømmeluke i taket eller på sida, kan rømmingsholet monterast på følgjande måtar:

Metode 1: ramme med hol i sideflata på teina

Ei ramme med hol blir festa i sideflata på teina. Notlinet i holet blir fjerna, og holet blir dekt med ei hengsla luke som deretter blir festa med bomullstråd. Luka skal vere hengsla i nedre del av ramma eller i ein av sidene.

Luke i teine. Foto: Landmark Skaar / Fiskeridirektoratet
Figur 1: Til venstre: Skisse av lukeløysing som rømmingshol. Til høgre: Døme på innmontert lukeløysing med hengsle på venstre side. Foto: Landmark Skaar / Fiskeridirektoratet.

Metode 2: skjære snitt i ein av sideflatane

Det skal skjerast eit snitt i ei av sideflatene som ikkje har kalv (inngang). Snittet skal deretter snørast saman med bomullstråd (sjå figur 2). Bomullstråden skal kun knytast i endane.

Rømmingshull i teine. Foto: Landmark Skaar / Fiskeridirektoratet
Figur 2: Snittet blir snørt saman med bomullstråd. Foto: Landmark Skaar / Fiskeridirektoratet

Metode 3: lukefeste med hanefot eller løkke

Ei kort løkke eller ein hanefot av bomullstråd blir festa til tømmeluka, og kroken blir hekta i løkka (sjå figur 3 til venstre). Bomullstråden kan òg festast mellom strikken og låsekroken (sjå figur 3 til høgre.). Ved slik montering må sjølve låsekroken festast til ramma på teina med kunstfibertau, slik at han ikkje flyt fritt i havet ved trådbrudd. Kunstfibertauet skal vere langt nok til å lage ei opning på minst 10 cm når bomullstråden ryker.

T.v. Låsekroken hukes i løkke av bomullstråd. T.h. Bomullstråd mellom strikk og krok. Foto: Landmark Skaar / Fiskeridirektoratet
Figur 3: Til venstre: Låsekroken blir hekta i ei løkke av bomullstråd. Til høgre: Bomullstråd mellom strikk og krok. Foto: Landmark Skaar / Fiskeridirektoratet

Krav til montering i andre typar teiner

Teiner laga av fast ramme og notlin

I andre typar teiner enn teiner laga av fast ramme og notlin (plast, tre, netting osv.), og der det ikkje er tømmeluke på sida, skal det lagast eit hol i sida på sovekammeret i teina. Holet skal vere så stort at ein sylinder med minst 10 cm i diameter kan førast gjennom. Opninga skal dekkjast av ei luke (for materiale med fast form kan ei utskoren luke nyttast), som blir festa til teina med bomullstråd. I eitt av festepunkta skal det brukast tråd av kunstfiber for å hindre at luka flyt fritt i havet dersom bomullstråden ryker. Eventuelt kan lukeløysinga skildra under metode 1 nyttast.

Runde teiner av notlin

I runde teiner av notlin skal det skjerast eit hol i taket eller den øvste delen av teina, som deretter blir snørt saman med bomullstråd, slik det er skildra under metode 2.

Samanleggbare havteiner/fisketeiner

I samanleggbare havteiner eller fisketeiner som blir brukte til fangst av sjøkreps, skal rømmingsholet monterast både i inngangskammeret og i sovekammeret. Rømmingsholet skal monterast slik det er skildra under metode 2.